Stillingsannonse:

Sunnhordland søkjer journalist til fast stilling og frilansarar

Søknadsfrist: 20. august

Me søkjer ein medarbeidar  som ser etter gode vinklingar, og som får arbeidet raskt og presist unna.

Me vil styrkja laget med ein ambisiøs journalist, som kan vera med å setja dagsordenen, og som vil spela ei viktig rolle i dekking av smått og stort i ein aktiv og spennande region.

Me søkjer ein medarbeidar som ser etter gode vinklingar, og som får arbeidet raskt og presist unna.

Me ser spesielt etter deg som er flink på foto og video, og som kan vidareføra Sunnhordland sin tradisjon med gode visuelle uttrykk.

Førarkort for bil, og god kunnskap om digitale medium er eit krav.

Vaktplanen vår inneheld faste kvelds- og helgevakter.

Me søkjer også etter frilansarar som har høve til å jobba kveldar og helger.

For meir informasjon, kontakt ansvarleg redaktør Magne Kydland,
tlf. 98 24 20 07.

Klubbleiar er Olav Røli, tlf. 98 24 20 14.

Søknad og CV sender du til [email protected] innan 20. august.

Firma: Sunnhordland

Mediehuset Sunnhordland er den leiande mediebedrifta i Sunnhordland. Sunnhordland vart i fjor kåra til årets lokalavis i Europa. Hovudproduktet er avisa Sunnhordland som kjem ut som papiravis tre gonger i veka (måndag, onsdag, fredag), med 14.000 lesarar. Godkjent opplag er 6296. Sunnhordland.no har 8000 daglege lesarar.

Bedrifta har lokale eigarar, og ei årsomsetning på over 55 mill.

Sunnhordland Trykk produserer trykksaker og trykkjer fleire aviser ved sida av vår eiga avis.

Mediehuset Sunnhordland har 30 årsverk, held til på Stord der det er gode kommunikasjonar med eigen flyplass, fast vegsamband og eit allsidig næringsliv. Nynorskbyen Stord har gode tilhøve for kultur, idrett og friluftsliv, og det er lett å trivast blant gode kollegaer.