Stillingsannonse:

Porten søkjer ein journalist som kan bidra inn i redaksjonen

Søknadsfrist: Snarest

Om Arbeidsgiver

Porten.no er ei heildigital, uavhengig regionalavis for Indre Sogn. Avisa har kontor i Årdal og Sogndal.

Me er i stadig utvikling, og har nyleg blitt ein del av Polaris Media.

Porten har nyleg blitt ein del av Polaris Media Nordvestlandet, og går spennande tider i møte. Me jaktar ein journalist som kan bidra inn i redaksjonen.
Anten du kjem inn med bakgrunn som journalist, eller har ei skrivespire i deg som har lyst å lære meir om korleis ein jobbar i ein nyheitsredaksjon, så kan du fort vere den me ser etter.

Me tilbyr både grundig opplæring og tett oppfølging for dei som kjem inn i redaksjonen.

Ønskjer du å prøve deg som journalist i eit spanande nyheitsjagande team, i ein ung redaksjon med høgt tempo?

Om stillingen:

  • Fulltids journalist
  • Hovudområdet heile Sogn

Me er ein ung og hardtarbeidande redaksjon, som likar travle dagar. Porten dekkjer i hovedsak Årdal, Lærdal, Aurland, Luster og Sogndal, og du må rekne med å vere tilstades på ulike arrangement i Sogn. Du må rekne med å jobbe noko turnus og helg etter behov.

Hovudkontoret vårt ligg i Øvre Årdal, med Jotunheimen og Utladalen som næraste nabo. Sjekk gjerne ut Ditt Årdal og Visit Årdal. Elles har me eit avdelingskontor i Sogndal.

Har du ein ivrig skribent i deg, og ønskjer ein spennande jobb? Søk!

Det skadar ikkje om du:

  • Likar å skrive og har interesse for foto
  • Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
  • Er allsidig og nysgjerrig
  • Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
  • Er lærevillig og tilpassingsdyktig
  • Skriv nynorsk
  • Har førarkort

Me kan tilby:

  • Ein sjanse til å vere med å vidareutvikle ei heildigital lokalavis
  • Gode og fleksible arbeidstider
  • Ein sjanse til å få teste deg sjølv i eit arbeidsmiljø med gode vilkår.

Arbeidsstad: Årdal eller Sogndal.

Send søknad og CV til jobb@porten.no.

Kontaktinformasjon:

Har du spørsmål om stillingen eller ønsker ytterligere informasjon, ta kontakt med:

Kristine Haglund
Dagleg leiar
Tlf: 94861766, kristine@porten.no

 Lasse Styve Andersen
Redaktør
Tlf: 45203259, lasse@porten.no

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS