Stillingsannonse:

Lokalavisa Ryfylke i Sauda søker journalist

Søknadsfrist: 07. juni

Då ein av våre journalistar har søkt seg til nye utfordringar, er me på leit etter nokon som kan ta over vedkommande sin plass på laget.

Me ønsker oss ein samfunnsengasjert og kreativ journalist med gode nynorskkunnskapar. Stillinga inneber allroundjournalistikk og fotografering for publisering i papiravis og nettavis og inngår i ei firedelt helgevaktordning.
Stillinga er fast og er ledig frå dags dato.

Søkar må ha førarkort for bil.

CV og skriftleg søknad med referansar og kopiar av vitnemål,
attestar og eventuelle arbeidsprøvar kan sendast til:
LL Ryfylke ved dagleg leiar/redaktør Knut Atle M. Seim, [email protected],
tlf 908 73 918.

Spørsmål om stillinga kan òg rettast til:
Klubbleiar Frank Waal, [email protected], tlf 936 83 050.

Lønn etter avtale.
Søknadsfrist: 7. juni.

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Avisa Ryfylke

Avisa Ryfylke er ei lokalavis som hovudsakleg har Sauda kommune som dekkingsområde.
Avisa kjem ut to dagar i veka på papir i tillegg til å ha nettavisa ryfylke.net som blir oppdatert fortløpande.
Opplaget er på om lag 2 300 eksemplar.
Avisa har sju tilsette, er frittståande og upolitisk, eigd av privatpersonar i og med tilknyting til Sauda.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS