Stillingsannonse:

NRK Nyheiter søker sommarvikarar

Søknadsfrist: 6. januar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

Skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn. Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt? NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Vil du jobbe med spennande oppgåver i ein av landets travlaste nyhetsredaksjonar i sommar?

NRK Nyheiter vil ha dyktige sommervikarar til våre mange redaksjonar.

Vi søker deg som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som har erfaring frå nett, radio eller TV.

Les meir under om dei ulike redaksjonane. Sett opp første- og andreval når du søker.

Direkte

Digitalreporter «nå»: Vi søker sommarvikarar som er opptekne av å vere først med siste nytt. Du bidreg til at vi får utvikla dei største sakene, så NRK.no vinn nyheitskampen – kvar dag. Du har nyheitsteft, likar å jobbe i høgt tempo, er språksikker og etisk bevisst. Du må både kunne kaste deg rundt når det smell og ha idear til vidareutvikling av nyheitssaker og til engasjerande eigensaker. Vi leverer i hovudsak artiklar og kortmeldingar til nrk.no.

Kontaktpersoner:

Kari Stokke Nilsen, 41504334
Simon Solheim, 98604319


Digitalreporter visuell: Vi søker sommervikarar som vil vere med på å utvikle digital visuell historieforteljing i både «breaking» - og eigensaker. Du har gjerne erfaring med video/foto og vil utfordre dei etablerte nyheitsformata. Du blir ein del av ein redaksjon som er spydspiss på nyheitsgolvet i å tenke visuelt.

Kontaktperson:

Kari Stokke Nilsen, 41504334


Direktesendingar TV, nett og radio: Vi leitar etter deg som har nyhetspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekke det som skjer. Gjerne foran kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, tv og nett, og som held nyheitsstraumen levande gjennom dagen.

Kontaktpersoner:

Olav Haugan, 97026608
Simon S Yset, 92055391


Program

Nyheitsmorgon radio og Dagsnytt treng vakne og samfunnsinteresserte radioprodusentar/journalistar. Det er ein stor fordel om du har erfaring frå radio. Vi ønsker også journalistar som kan avvikle nyheitssendingane våre på natta.

Kontaktpersoner:

Silje Sande, 90196203
Sara Victoria Rygg, 99695283


Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet, samt utvikla sans for det som engasjerer.

Kontaktperson:

Solveig Tvedt, 95978008


Ytring søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner.

Kontaktperson:

Solveig Tvedt, 95978008


Fag

Økonomi og politikk-redaksjonen er på jakt etter journalistar med kunnskap om økonomi/politikk og erfaring med å finne nyheiter. Gode samarbeidsevner er ein føresetnad, erfaring med fleire plattformer (nett, radio, tv) er ein fordel.

Kontaktperson:

Kyrre Nakkim, 91607122
Peder Ottesen, 99164590


Kultur og underhaldning søker dyktige nyheitsjournalistar som beherskar radio og/eller tv og nett. Du er iderik, ein god historieforteljar og har gjennomføringskraft. Du må ha interesse for fagfeltet og evne til å finne nyheiter som eignar seg for eit breidt publikum.

Kontaktperson:

Marianne Ytre-Eide, 95230402


Innanriks vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker. Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett. Innanriks leverer saker til alle NRK sine nyheitsflater.

Kontaktpersoner:

Ole Eivind Henden, 90154101
Eirin V Sivertsen, 92218986


Utanriks ser etter deg som brenn for utanriksfeltet og engasjerande nyheitsformidling. Du må ha erfaring med fleire publiseringsplattformer (tv, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktig i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale forhold. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar.

Kontaktpersoner:

Sofie Gran Aspunvik, 48204099
Sigurd Falkenberg Mikkelsen, 92432861


Vi tilbyr

  • Ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar.
  • Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar.
  • Ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet.
  • Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag.

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS