Stillingsannonse:
Nynorsk avissenter søker journalistpraktikant
Søknadsfrist: 15. oktober
Vil du bli journalist? Her får du opplæring med lønn!
Klar for eit halvår fylt av spenning, nye opplevingar, og utfordrande journalistisk arbeid?
Vi tilbyr plass til fem praktikantar. Du får opplæring og praksis i journalistikk og nynorsk som mediespråk for nett, avis og sosiale medium. Praktikantkurset startar 4. januar 2027 med fire månader i Firda Media i Førde. Deretter får du to månader journalistpraksis i sjølvvald avis i mai og juni. Lønn i heile opplæringstida. Til no har vi lært opp 121 nynorskskrivande journalistar.
Over halvparten av dei som har vore praktikantar arbeider som journalist i dag.
No ser vi etter nye praktikantar.
Vi tilbyr
Eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i journalistikk
Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald redaksjon
Førelesingar i språk, journalistisk metode, intervjuteknikk, video, presseetikk, kjeldekritikk og gravejournalistikk
Innføring i video, foto, strøyming, frontredigering, sosiale medium og datastøtta journalistikk
Variert trening i tekstproduksjon og arbeid på nettdesk
Tett oppfølging frå erfarne journalistar og lærarar
Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
Hjelp til å skaffe bustad i Førde
Du har
Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
Samfunnsinteresse og -engasjement
Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
Førarkort klasse B
Vi ønskjer søkarar frå heile landet og tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Hugs attestar og vitnemål når du søker. Les meir på heimesida vår.
Legg ved ein søknad som fortel litt om deg sjølv, og kvifor du vil bli nynorskskrivande journalist.
Kontaktinformasjon
Ingunn Osland, dagleg leiar, 911 49 821, Mail: https://www.finn.no/contact/475867209?ci=0
Nylige artikler
Ni av ti rettede Adresseavisen-kommentarer får fullt KI-utslag
17 kjappe
– Vi bør ikke endre Vær Varsom-plakatens punkt 2.1 nå
VG vant – Procter & Gamble må betale 1,2 millioner i saksomkostninger
Legger fram ny rapport om redaktøransvaret
Mest leste artikler
Facebook innfører kvote: Nisjemediet får dele to lenker i måneden
Se og Hør var nær å avsløre norsk Epstein-kobling i 2012
Derfor identifiserer ikke mediene Ap-rådgiveren med hallikdom
Gard Steiros avgang passet perfekt inn i Journalistens strategi
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode