Stillingsannonse:

Strilen og Bygdanytt søkjer journalist

Søknadsfrist: 20. oktober

Om arbeidsgiver

I vår vesle klynge av lokalaviser finn du Strilen (Knarvik) og Bygdanytt (Indre Arna). Vi samarbeider tett, deler arbeidsoppgåver og har felles desk og leiing. Vi har òg nær kontakt med søsteravisene våre, Vestnytt (i Øygarden) og Askøyværingen (på Askøy).

Vi er ein del av Polaris Media Vest, som består av 10 lokale mediehus på Vestlandet med eit samla opplag på om lag 35 000 abonnentar og til saman 75 tilsette.

Journalist 100 % (vikariat) – deskar/journalist for Strilen og Bygdanytt.

Vi søkjer ein engasjert journalist til eit vikariat hos oss frå 1. desember til 1. juni, i samband med foreldrepermisjon for ein fast tilsett i redaksjonen vår.

Dette er ei stilling der mykje av arbeidet er knytt til den felles digitaldesken til Strilen og Bygdanytt. Vi treng ein kollega som held tempoet oppe, har godt blikk for dei gode sakene og dei gode titlane, er systematisk og stødig i presseetikk. Stillinga inneber òg dagar og vakter med utegåande oppdrag.

Om stillinga

Vi dekkjer alt frå by til bygd, smått og stort – og du får vere med på å setje dagsorden i lokalsamfunna våre. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og triveleg miljø. Du deskar for, og leverer saker til, begge avisene.

Mykje av kvardagen din blir på desken: å løfte, redigere og publisere saker raskt og presist. Under breaking-hendingar koordinerer du ofte arbeidet, spesielt i den første fasen. Du trivst med høgt tempo og blir ikkje lett stressa av å ha mange ballar i lufta. Når det kokar litt, trivst du godt.

I tillegg til deskjobbinga vil du òg ha dagar og vakter der du arbeider som utegåande journalist. Du må rekne med å inngå i turnus med vaktar på dag, kveld og helg.

Vi ser etter deg som

  • held høgt tempo og jobbar godt under press

  • har solid presseetisk gangsyn

  • er systematisk og strukturert

  • har godt blikk for dei gode sakene og dei gode titlane

  • er flink å samarbeide, og har ein god og vennleg tone med kollegaer

  • kan levere tekst og bilde raskt og presist

  • har god digital kompetanse – og tek gjerne både bilde og filmar med mobilen

  • har sans for etisk og effektiv bruk av AI-drivne verktøy i redaksjonelt arbeid

  • meistrar nynorsk (og gjerne òg bokmål)

  • har kjennskap til dekningsområdet vårt (ein fordel, men ikkje eit krav)

  • har førarkort for personbil

Vi tilbyr

  • ei sentral rolle i moderne lokalaviser

  • varierte arbeidsoppgåver og brei erfaring frå både desk og felt

  • ordna arbeidsforhold

  • arbeidsstad er Knarvik

Oppstart: 1. desember 

Søknadsfrist: innan måndag 20. oktober

Kontaktpersoner

Eirik Langeland Fjeld, ansvarlig redaktør, mobil: 95 99 72 37, e-post: eirik.langeland.fjeld@pmvest.no

Ronny Bertelsen, klubbleder NJ, mobil: 901 72 166, e-post: ronny.bertelsen@pmvest.no

Søk på stillingen

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS