Stillingsannonse:
Vil du bli vår nye ansvarlege redaktør?
Søknadsfrist: 27. februar
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Bømlo-nytt er den leiande mediebedrifta i Bømlo kommune, og skal også vera den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Bømlo-nytt har hatt ei særs positiv utvikling dei siste åra, med stor auke både av lesarar og annonsørar på våre plattformer.
Bømlo-nytt har ytterlegare vekst som mål og søkjer ein samfunnsengasjert og driftig redaktør til å styrkje denne posisjonen. Me er på jakt etter ein ambisiøs person som har evne til å skapa eit positivt engasjement for lokalsamfunnet og som har blikk for å setje dagsorden.
Som ansvarleg redaktør i Bømlo-nytt må du sjå framover og ha eit sterkt digitalt hovud. Gjennom bruk av analyse og innsikt må du setja lesaren først for å sikra endring i takt med utviklinga i samfunnet elles.
Jobben krev røynsle som leiar og god forståing for pressa sitt etiske rammeverk. Ansv. redaktør må ha god kommunikasjonsevne, må inspirera, motivera og skapa entusiasme. Hen må vera uredd, tydeleg, visa retning og ha stor gjennomføringskraft. Det vil bli lagt stor vekt på teamarbeid og å utvikla medarbeidarane.
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning innan journalistikk, kommunikasjon, ev. relevant arbeidsrøynsle
- Solid forståing for medieutvikling og digitalisering
- Redaksjonell erfaring
- Leiarerfaring med dokumenterte resultat
Bømlo-nytt kan tilby ei sentral og viktig stilling i lokalavisa i eit spennande og variert lokalsamfunn i stor utvikling. Redaksjonen i Bømlo-nytt har eit
kreativt og godt arbeidsmiljø, og konkurransedyktige lønstilhøve og gode pensjons- og forsikringsordningar. Måforma i avisa er nynorsk.
Spørsmål om stillinga kan rettast til
Styreleiar Tove Nedreberg, tlf 916 06 544
Dagleg leiar Reidar Hystad, tlf 906 76 983
Tilitsvald for redaksjonsklubben Håvard Hammarstrøm, tlf 982 50 146
Søknad vert å sende til reidar@bomlo-nytt.no
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon