Stillingsannonse:

Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn

Søknadsfrist: 15. april

Nynorsk avissenter søkjer etter engasjert ungdom som vil bli journalist med nynorsk som mediespråk.

Vi tilbyr plass for fem praktikantar i kull 13. Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 19. august 2019.
Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon til 29. februar 2020. Løn i heile opplæringstida.
Etter 12 kull har vi lært opp 50 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.
Dei lyser ut det 31. kullet med same søknadsfrist, 15. april.

Vi tilbyr

· Effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk

· Fire månader praksis i Firda og to månader i sjølvvald avisredaksjon

· Produksjon av nyhende, reportasjar og bloggar for nett, papir og sosiale medium

· Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode

· Video, foto, frontredigering, podkast, strøyming, datastøtta journalistikk

· Tett oppfølging frå mentor og erfarne journalistar

· Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis

· Hjelp til med å skaffe bustad i Førde

Du har

· Lyst til å skrive nynorsk og bli journalist

· Samfunnsinteresse og -engasjement

· Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo

· Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre

· Førarkort klasse B

· Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning

· Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Søknadsfrist: 15. april 2019

Klikk her for meir informasjon og for å søkje:

www.nynorskavissenter.no

Kontakt:

Dagleg leiar Kjell Ove Nordeide, tlf. 911 49 803

[email protected]

Firma: Stiftinga Nynorsk avissenter

Stiftinga Nynorsk avissenter gjev nynorskpraktikantar opplæring og praksis i journalistikk.
Vi held til i Førde i Sogn og Fjordane, med Firda som vertsavis. Vi tar inn fire-fem praktikantar i halvåret.
Føremålet vårt er å få fram nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse, og vi samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter, mellom anna om felles førelesingar. Over halvparten av tidlegare praktikantar arbeider i dag som journalist på heil- eller deltid.
Praktikantane har hatt praksis i aviser som Bergens Tidende, Dagen, Dag og Tid, Firda, Framtida, Hallingdølen, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Romsdals Budstikke, Sunnmørsposten, Tysnes og Vårt Land.
Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media.