Stillingsannonse:

Sommervikarar NRK Nyheter

Søknadsfrist: 16. januar

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen, modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått, trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister. Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert, vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

Vil du jobbe med spennande oppgåver i ein av landets travlaste nyhetsredaksjonar i sommar?

NRK Nyheter vil ha dyktige sommervikarar til våre mange redaksjonar. Vi søker deg som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som har erfaring frå nett, radio eller TV.

Sjå under på dei ulike redaksjonene. Sett opp første- og andreval når du søker.

Direkte

Digitalreporter «nå»: Vi søker sommarvikarar som er opptekne av å vere først med siste nytt. Du bidreg til at vi får utvikla dei største sakene, så NRK.no vinn nyheitskampen – kvar dag. Vi søker vikarar som har nyheitsteft, likar å jobbe i høgt tempo, er språksikre og etisk bevisste, samt godt orienterte i nyheitsbildet. Du må kunne kaste deg rundt når det smell, og ha idear til vidareutvikling av nyheitssaker og til engasjerande eigensaker. Vi leverer i hovudsak artiklar og kortmeldingar til nrk.no, men også innhald til alle NRK Nyheter sine flater.

Kontakt: Kari Stokke Nilsen, 41504334 eller Simon Solheim, 98604319.

Digitalreporter visuell: Vi søker sommervikarar som vil vere med på å utvikle digital visuell historieforteljing i både «breaking»- og eigensaker. Du har gjerne erfaring med video/foto og vil utfordre dei etablerte nyheitsformata. Kva for bildetilfang har ei løpande nyheitssak, korleis lagar vi det beste digitale videoinnhaldet og kva for visuelle grep bør diskuterast tidlig i eigensaker? Du blir ein del av ein redaksjon som er spydspiss på nyheitsgolvet i å tenke visuelt. Publikumsdialog er også ein del av jobben, både på NRK sine flater og på NRK Nyheter sin Facebook-konto.

Kontakt: Kari Stokke Nilsen, 41504334 eller Maria Knoph Vigsnæs, 90771159.

Direktesendingar og lydbulletinar

Vi leitar etter deg som har nyheitspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på video- og lydredigering i høgt tempo, og som likar å vere ute i felt og dekke det som skjer. Gjerne foran kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, tv og nett.

Du vil også jobbe med nyheiter i kortformat – den klassiske bulletinen – på nye måtar som kombinerer lyd og video.

Kontakt: Olav Haugan, 97026608 eller Simon S Yset 92055391

Program

Nyhetsmorgen radio og Dagsnytt treng vakne og samfunnsinteresserte radioprodusentar/journalistar. Ein stor fordel om du har erfaring frå radio. Vi ønsker også nyheitsopplesarar til nattevakter.

Kontakt: Knut Are Tornås, 99791405 eller Elise Hazel Asbjørnsen, 93673480

Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv og interesse for det offentlige ordskiftet, samt utvikla sans for det som engasjerer.

Kontakt: Solveig Tvedt, 95978008

Ukeslutt treng vaktsjefar/reporterar med nyheitsteft, som evner å lage originale vriar på aktuelle saker, har oversikt over norsk debatt- og samfunnsliv og eit breidt kjeldenettverk.

Kontakt: Gunnhild Viken, 48152283

Ytring søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner.

Kontakt: Solveig Tvedt, 95978008

Fag

Økonomi og politikk-redaksjonen er på jakt etter reporterar med kunnskap om økonomi/politikk, erfaring med å finne nyheiter, digital kompetanse og evne til å skape gode kjelderelasjonar. Gode samarbeidsevner er ein føresetnad, erfaring med fleire plattformer (nett, radio, tv) er ein fordel. Kontakt: Kyrre Nakkim, 91607122 eller Peder Ottesen, 99164590

Kultur og underhaldning søker dyktige nyheitsjournalistar som beherskar radio og/eller tv og nett. Må være iderike, gode historieforteljarar og ha gjennomføringskraft. Du må ha interesse for fagfeltet og ha evne til å finne nyheiter som eignar seg for eit breidt publikum.

Kontakt: Marianne Ytre-Eide, 95230402

Innanriks vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker.

Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett.

NRK Innenriks leverer saker til alle NRK sine nyheitsflater på nett, TV og radio. Kontakt: Ole Eivind Henden, 90154101 eller Eirin V Sivertsen 92218986

Utanriks ser etter deg som brenn for utanriksfeltet og engasjerande nyheitsformidling. Du må ha solid digital kompetanse og erfaring med nett, TV og radio. Gode samarbeidsevner er viktig i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale forhold. Du må ha evne til å snu deg raskt, jobbe effektivt når det kokar og du trivast i eit hektisk nyheitsmiljø. Kontakt Sofie Gran Aspunvik, 48204099 eller Sigurd Falkenberg Mikkelsen, 92432861.

Vi tilbyr

  • Ei spennande moglegheit til å jobbe i ei av Noregs største mediebedrifter.
  • Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar.
  • Ein viktig jobb med å bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet.
  • Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag.

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS