Stillingsannonse:

Sommarjobb i NRK Sport

Søknadsfrist: 25. januar

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

NRK-sporten treng også i 2021 dyktige og engasjerte sommarvikarar i perioden frå juni til ut august.
Konkret periode blir avklart med den enkelte.

Vi ser etter journalistar med gode evner til, og eit intenst sug etter, å formidle nyheter og engasjerande historier til eit stadig meir kresent publikum som NRK gjerne vil skal velge oss. Korona-pandemien gjer planlegginga av sommaren utfordrande. Vi må inntil vidare førebu oss på at alle arrangement blir avvikla etter planen. Det store som skal skje i sommar er EM i fotball og OL, som begge vart offer for pandemien i 2020.

Sommarvikariata blir knytt til den fleirmediale nyheitsdesken på Marienlyst, med produksjon for nett(inkl.sosiale medier), TV og radio.

NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar sport direkte året.

NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.

Totalt arbeider det rundt 90 personar i NRK-sporten, fordelt på ei rekkje fag-grupper.

Arbeidsoppgåver:

Vi skal rekruttere journalistar til ulike plattformer. Det er ønskeleg at du kan pendle mellom plattformene:

  • Nettdesken, som hurtig formidlar siste nytt på NRK.no, men som i tillegg alltid har meir omfattande satsingar på gang.
  • SoMe-desken, der oppgåvene blir å lage videoinnhald til Instagram- og Facebook-kontoane våre og til NRK.no. Det er ønskeleg med VJ-erfaring og redigeringserfaring i Premiere og After Effects.
  • TV-og radio-desken, som produserer til ulike nyheitssendingar og til lengre sendeflater.

Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar for å kunne steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.

Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha dokumentert journalistisk erfaring frå internett og/eller TV og radio.
  • Du må ha dokumentasjon på utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule.
  • Du må kunne bruke og lett tilegne deg teknologien og verktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.

Personlege eigenskapar:

  • Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
  • Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
  • Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
  • Du må ha ha nyhetsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
  • Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
  • Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.

Vi tilbyr:

  • Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon.
  • Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
  • Høgt tempo og godt humør.
  • Grunnleggande innføring i bruk av dataverktøy

Lønn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar. NRK er omfatta av offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Spørsmål om stillingen kontakt:
Redaksjonsleiar Geirmund Henjum på tlf:97403861 eller
epost: geirmund.henjum@nrk.no

Redaksjonsleiar, SoMe-kontakt Marie Walsøe på tlf: 97713071
eller epost: marie.walsoe@nrk.no

SØK STILLINGEN HER

Firma: NRK

NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. Våre grunnleggende verdier er åpen,modig og troverdig. For å lykkes med det omfattende allmennkringkasteroppdraget vi har fått,
trenger vi medarbeidere med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe sammen med oss for å skape godt og viktig innhold som treffer hele Norges befolkning?

NRK er omfattet av Offentlighetslovens bestemmelser om rett til innsyn i søkerlister.Søker må begrunne eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikke blir akseptert,vil søker varsles og eventuelt ha mulighet til å trekke sin søknad.

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS