Stillingsannonse:
Nynorsk pressekontor søkjer ansvarleg redaktør / dagleg leiar
Søknadsfrist: 30. november
Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Vi leitar etter ein person som er samfunnsengasjert, har teft for nyheiter og ekte interesse for alle delar av landet.
Sjefredaktøren vår gjennom ti år, Karoline Riise Kristiansen, blir språksjef i NRK. Vi søkjer derfor ny ansvarleg redaktør/dagleg leiar.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
- å leie det daglege redaksjonelle arbeidet i NPK, i nær kontakt med NTB-redaksjonen
- utvikling av organisasjon og medarbeidarar, inkludert ordinært personalansvar for dei tilsette i NPK
- kontakt med eksisterande og moglege kundar, i dette arbeidet må du rekne med ein del reising
- styring av inntekter og kostnader i NPK-organisasjonen
- utvikling av nye tilbod og forretningsområde i tråd med føremålet til stiftinga og i samarbeid med NTB. Eit prosjekt som for tida er under arbeid er eit digitaltverktøy for automatisk omsetjing frå bokmål til nynorsk basert på kunstigintelligens - «nynorskroboten».
- sekretærfunksjonen for styret i Stiftinga Nynorsk pressekontor.
Det er stiftarorganisasjonane Noregs Mållag, Kringkastingsringen og Noregs Ungdomslag som peikar ut medlemmene i styret.
I tillegg er dei tilsette representerte.
Kva slags redaktør vil vi ha?
Vi leitar etter ein person som er
- stø i nynorsk og glad i å skrive språket
- har solid erfaring i å gjere redaksjonelle val og vurderingar, og i etisk og kritisk tenking
- er samfunnsengasjert, har teft for nyheiter og ekte interesse for alle delar av landet
- liker å samarbeide med andre og oppnå resultat i lag
- har spenstige idear og gjerne vil prøve ut nye ting, både redaksjonelt og kommersielt
- har ei trygg hand om organisasjon og økonomi
- følgjer medieutviklinga nøye, held seg oppdatert på ny teknologi og er ein pådrivar for å ta han i bruk der det er tenleg.
Har du spørsmål om stillinga ta kontakt med:
Styreleiar i Stiftinga Nynorsk pressekontor Tom Hetland tlf. 911 87 478 eller sjefredaktør og administrerande direktør i NTB Mads Yngve Storvik tlf.
900 45 079.
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon