Stillingsannonse:
NRK Vestland søkjer sommarvikarar
Søknadsfrist: 25. januar
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
NRK Vestland har fleire ledige sommarvikariat i Førde og Bergen.
Vi er på jakt etter journalistar som kan løfte saker frå Vestlandet til eit nasjonalt publikum. Du må vere oppteken av å lage saker som engasjerer og som blir valt av flest mogleg, spesielt eit ungt publikum.
Arbeidsoppgåver
- Nyheitsarbeid for nett, radio, TV og sosiale medium.
- Jobbe fram saker frå idé til ferdig sak.
- Utrykking på store hendingar.
- Jobbe i felt og levere lyd, bilete og video til alle plattformer.
Kvalifikasjonar
- Erfaring med nyheitsarbeid.
- Har god nyheitsteft og evne til å ha oversikt i eit hektisk nyheitsbilete.
- Er samfunnsengasjert og følgjer med i nyheitsbiletet.
- Skriv godt og har ei sikker munnleg språkføring.
- Har evne til å formidle og velge innhald slik at det treffer målgruppa.
- Har god digital forståing og evne til å setje seg inn i teknisk utstyr.
Personlege eigenskapar
- Har energi og humør.
- Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar.
- Har gjennomføringsevne og engasjement.
- Har gode samarbeidsevner og vilje til å vere med på å løfte heile laget
Vi tilbyr
- Redaksjonen i NRK Vestland har eit godt arbeidsmiljø.
- I NRK Vestland vil det vere gode vilkår for utvikling og kompetanseheving.
- Du vil få arbeide i ein spanande nyheitsredaksjon der du får erfaring med både nett, TV, radio og sosiale medium.
Annet
- Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
- Du må ha førarkort.
- Skriv om du ynskjer å jobbe i Bergen, Førde eller begge stader.
Kontaktinformasjon
Bergit Sønstebø Svendseid, redaksjonssjef, Bergen 481 15 103
Linda Olin Reite, redaksjonssjef, Førde 975 00 907
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon