Stillingsannonse:
NRK Sport Nyheter treng påfyll i vinter
Søknadsfrist: 02. oktober
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Ein ny vinter med høg aktivitet på sportsfronten ligg framfor oss.
For å kunne levere godt innhald på alle plattformer, må vi styrke nyheitsdesken på «heimebane» når våre faste folk dreg ut for å dekke dei mange konkurransane.
Vi treng difor midlertidig arbeidskraft i perioden 11.11.2019 til 30.03.2020.
(Ein del vil få startdato 02.01.2020, fordi behovet ikkje er det same i heile perioden).
NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar direktesendt sport i året. Vi har daglege nyheits-og magasinsendingar og satsar meir og meir på nett, mobil og sosiale medier.
NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet.
Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.
Arbeidsoppgåver:
- Lage og publisere engasjerande og viktig innhald for nett, TV og radio
Kvalifikasjonar:
- Du må ha journalistisk erfaring frå internett og/eller TV og radio.
- Du må ha utdanning innan journalistikk eller informasjon frå universitet eller høgskule.
Personlege eigenskapar:
- Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
- Du må vise engasjement, energi og initiativ.
- Du må ha ha nyheitsteft og vere i stand til å jobbe raskt.
- Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
- Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
- Du må like, og klare, å jobbe under tidspress.
Vi tilbyr:
- Ein spennande og utfordrande jobb i Norges største sportsredaksjon.
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mykje godt humør.
- Opplæring i arbeidsverktøya.
Spørsmål om stillingen kan rettes til:
Geirmund Henjum, red.leiar, på tlf: 97403861 eller
e-post: geirmund.henjum@nrk.no