Stillingsannonse:

Lotteri-og stiftelsestilsynet søker kommunikasjons- og strategidirektør

Søknadsfrist: 04. oktober

Er du vår nye kommunikasjons- og strategidirektør?

Vi søker ein leiar som er strategisk, erfaren, trygg og utviklingsorientert som skal jobbe for å nå det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi skal bidra til å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.

Ei av våre viktigaste oppgåver er å dele vår innsikt og fagkunnskap.
Perspektivet i alle våre forbetringsprosessar skal alltid vere å sette oss inn i og forstå samfunnet og brukarane våre best mogleg.

Kommunikasjonsstaben med tre tilsette har hovudansvaret for tilsynets eksterne og interne kommunikasjon, samt overordna strategi.Kommunikasjons-
og strategidirektør er ein del av tilsynets leiargruppe og har direktør som næraste overordna.

Arbeidsoppgåver

  • strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid
  • oppfølging av hovudstrategi og kommunikasjonsstrategi
  • kunnskapsformidling
  • ansvar for nettsider, sosiale medium og intranett
  • kommunikasjonsrettleiing og -kursing, mediekontakt, systemansvar, medieovervaking
  • rådgjeving og bistand til gjennomføring av kommunikasjonsprosjekt, kampanjar og konferansar

Kvalifikasjonskrav

  • masterutdanning, fortrinnsvis innan kommunikasjon, men lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • leiarerfaring er ein fordel
  • erfaring frå strategisk endringsarbeid er ein fordel
  • gode resultat frå proaktivt pressearbeid og mediehandtering
  • innsikt og erfaring i bruk av digitale media og god teknologi-forståing
  • svært god skriftleg og munnleg formuleringsevne både på nynorsk og bokmål
  • god skriftleg og munnleg formuleringsevne på engelsk

Personlege eigenskapar

  • strategisk og analytisk sterk
  • relasjonsbyggar, både internt og eksternt
  • trygg i leiarrolla – tillitsbasert og involverande leiing
  • god på å gjere andre gode
  • god gjennomføringsevne i organisasjonen
  • forståing og interesse for Lotteri- og stiftelsestilsynets samfunnsoppdrag
  • forstå politiske avgjerdsprosessar og ha innsikt i rolla til offentleg sektor

Vi tilbyr

  • eit tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
  • positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområd
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
  • gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk,
    også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår.
  • fleksibel arbeidstid
  • moderne kontorbygg i Førde sentrum, med eige treningsrom og kantine
  • IA-bedrift

Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som fagdirektør med stillingskode1538. Det blir trekt 2 prosent av lønna til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønskjer å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngje det i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje stå på den offentlege søkarlista. Vi varslar deg dersom oppmodinga di om å stå som anonym søkar ikkje blir tatt til følgje.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det.

Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kallar vi inn minst ein av søkarane i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurderte som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om desse på «Arbeidsgiverportalen».

Vi oppmodar søkarar som har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn om å krysse av for dette i Webcruiter. Det dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i sine årsrapportar.

Spørsmål om stillingen kontakt:
Direktør Atle Hamar på tlf: 99 28 43 00

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Lotteri-og stiftelsestilsynet

Lotteri-og stiftelsestilsynet er et statlig organ med to fagtilsyn: Stiftelsestilsynet og Lotteritilsynet.
Lotteritilsynet forvalter det norske lotterimarkedet, og kontrollerer statlige pengespill. Stiftelsetilsynet har tilsynsansvar for 7200 norske stiftelser. I tillegg har Lotteri-og stiftelsestilsynet ansvar for ordningen med kompensasjon av merverdiavgift til det frivillige Norge. Tilsynet holdertil i Førde, og har i dag til sammen ca. 70 ansatte.
For mer info, se www.lottstift.no

Powered by Labrador CMS