Flere stillingsannonser:
Siste nytt fra Journalisten.no:
PODKAST-EPISODER:
KORTE VIDEOER:
- Siste
- Mest lest
Søknadsfrist: 15. februar
Denne artikkelen er over seks år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Vi søkjer
NYHENDEJOURNALIST + FERIEVIKAR + FRILANSARAR
Kvinnheringen søkjer ein nyhendejournalist som både kan laga dei kjappe nyhendesakene og som også kan gå meir i djupna på enkelte felt.
Du skal vera med på å utvikla produkta våre og vidareutvikla redaksjonen. Det skal skje gjennom journalistisk teft, solid fagkunnskap, stort engasjement, høgt tempo og i godt samarbeid med organisasjonen. Du vil inngå i turnusen vår og få jobba med redigering av nettavisa.
I Kvinnheringen forventar vi at du har digital kompetanse og er interessert i å vidareutvikla denne.
Vi søkjer deg som:
Vi legg vekt på journalistisk utdanning og relevant erfaring.
Du må òg ha førarkort for bil.
Sommarvikar:
Vi treng journalistvikar i redaksjonen frå slutten av juni til midten av august.
Frilansarar:
Likar du å skriva? Har du eit felt du er spesielt interessert i?
Frå tid til anna har vi behov for ulike artiklar og reportasjar, og personar som kan jobba for oss i helger og på ettermiddag/kveldstid.
Søknadsfrist for alle stillingane er 15. februar.
Har du ikkje erfaring frå alle dei nemnde områda, men er nysgjerrig og har eit ønske om å utvikla deg digitalt, håpar vi likevel du vil senda oss ein søknad.
Du kan òg kontakta oss om du har spørsmål om stillinga.
Redaktør Mona Grønningen mona@kvinnheringen.no eller tlf: 99224355
Tillitsvald i redaksjonen Jonn Karl Sætre jonn.karl@kvinnheringen.no eller tlf: 99520861
Kvinnheringen er ein lokalavis eid av Amedia, du kan lese meir her korleis det er å jobbe i Amedia.