Stillingsannonse:

Høgskulen i Volda søker førstelektor/ høgskulelektor/ høgskulelærar i journalistikk

Søknadsfrist: 15. april

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for Mediefag, Institutt for journalistikk er det ledig inntil to faste stillingar som førstelektor/høgskulelektor/høgskulelærar i journalistikk frå hausten 2020.

Den som blir tilsett vil få varierte arbeidsoppgåver innafor undervisning, rettleiing og forskings- og utviklingsarbeid i journalistikk. Tilsetting i stillinga er tenkt til august/september 2020.

Arbeidsfelt

Høgskulen har Norges største praktisk retta medieutdanning med meir enn 500 studentar og ca. 50 tilsette. Journalistutdanninga har rundt 170 studentar.
Vi ynskjer ein tydeleg og fagleg stødig rettleiar med erfaring frå nyheits- og aktualitetssjangeren som kan undervise både i praktiske og teoretiske tema.

Kvalifikasjonar

Søkjaren må dokumentere relevant kompetanse og ha erfaring frå journalistisk arbeid.

Søkjaren må ha:

  • høgare utdanning i journalistikk, mediefag eller andre relevante fag
  • solid journalistisk erfaring og kjennskap til publisering på ulike publiseringsplattformer
  • gode språkkunnskapar og formidlingsevne
  • gode samarbeidsevner

Høgskulen vil vurdere mellombels tilsetjing som høgskulelærar for søkjar med relevant bakgrunn og utan tilstrekkeleg formell kompetanse.

Ved vurdering av søkjarane vert det lagt vekt på:

  • god erfaring frå undersøkande journalistikk
  • god erfaring med redaksjonell bruk av sosiale medier
  • kompetanse innan research og kjeldearbeid, på klassiske journalistiske metodar og med hjelp av digitale reiskap

Vi ser etter deg som eit eller fleire av punkta under passar for:

  • er interessert i å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning
  • er sjølvstendig og utviklingsorientert og likar å jobbe i team
  • trivs med tidvis høgt tempo
  • har erfaring med redaksjonell leiing

Søkjaren må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, eventuelt anna skandinavisk språk. Undervisings- og administrasjonsspråket på høgskulen er norsk.

Søkaren må dokumentere utdanning, relevant arbeidserfaring, og eventuelt
FoU-arbeid.

Den som vert tilsett må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.
Søkjar som ikkje oppfyller desse krava forpliktar seg til å gjennomføre nødvendige program/kurs for pedagogisk basiskompetanse eller høgskulepedagogikk innan to år.

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Arbeidsplass er Høgskulen i Volda.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: førstelektor 1198 frå kr 583 900 – 789 200/ høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 679 000/høgskulelærar 1007 frå kr 402 600 – 573 100.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga,
mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar kan verte kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning.
Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Om søknaden

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk igjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge der du registrerer søknaden,
vedlegg og informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du oppgir referansar med kontaktinformasjon. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg postgang til høgskulen.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk i Jobbnorge. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp.
Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

  • vitnemål og attestar, samla i ei fil
  • CV
  • fullstendig publikasjonslise over alle vitskapelege arbeid
  • inntil 10 vitskapelege arbeid, inkludert master-/hovudfagsoppgåve

Dei faglege kvalifikasjonane til søkjarane kan verte vurdert av eit sakkunnig utval. Viser til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, KD 9.2.2006. www.lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval.

Søknadsfrist: 15. april 2020.

Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar for Journalistikk, Jan Ytrehorn, e-post: [email protected] /tlf. 91586495/70075105 eller til
Dekan Odd Ragnar Hunnes, e-post: [email protected] /tlf. 45257256/70075296.

Om Avdeling for mediefag

Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største praktisk retta medieutdanning. Avdelinga tilbyr utdanningar i journalistikk, animasjon, mediedesign, medieproduksjon og PR og kommunikasjon og media i tillegg til vidareutdanning i digital kompetanse. Avdelinga har ei engelskspråkleg masterutdanning i Media Practices.
Avdelinga har meir enn 500 studentar og 50 tilsette.

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.