Stillingsannonse:

Fast stilling som kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist 7. april

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Havforskingsinstituttet søkjer etter ein kommunikasjonsrådgjevar i fast stilling og med kontorplass i Bergen.

Til stillinga høyrer jamlege turar til forskingsstasjonen vår i Flødevigen og avdelinga i Tromsø.

Den vi søkjer har ein god penn og solid sjangerforståing, og trivs med raskt tempo og ein hektisk arbeidskvardag.

Den vi søkjer har ein god penn og solid sjangerforståing, og trivs med raskt tempo og ein hektisk arbeidskvardag.
Marin forsking er ei kjerneoppgåve på instituttet, så det er ein stor fordel om du har interesse for dette feltet.
Du kjem til å samarbeida mykje med forskarane våre for å finna og få ut dei gode historiene.
Det betyr at du må kunna skriva interessevekkjande samstundes som du held eit høgt presisjonsnivå og leverer på tid.

Vi er ute etter ein sjølvgåande kollega som snur seg rundt når det trengs, og som held på humøret – også når det kokar på avdelinga.
Du er stø i nynorsk og beherskar engelsk på eit relativt høgt nivå; både i tale og skrift.

Vi tilbyr ei lærerik og meiningsfull stilling i eit godt, dynamisk arbeidsmiljø med motiverte og kompetente kollegaer.
Hos oss er det rikeleg rom for deg som er svolten på nye utfordringar og fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

Vår nye kollega går inn i den daglege tekstproduksjonen – her skriv du nyhendesaker til våre nettsider, kronikkar og innhald til Facebook og andre sosiale medium. Vi legg stor vekt på film og foto i forskingsformidlinga, og her er det forventa at du bidreg.
Avdelinga har omfattande mediekontakt, så du handterer også medieinnsal og sentrale presseaktivitetar.

Kvalifikasjonskrav

Fortrinnsvis høgare akademisk utdanning frå universitet eller høgskule innan relevante fag. Særleg relevant realkompetanse og/eller erfaring kan kompensera for utdanningskravet. Vi krev dokumentert og dagsfersk erfaring frå tekstproduksjon. Arbeidserfaring frå journalistikk og/eller kommunikasjonsarbeid er ein fordel.

Stillinga vert løna etter Statens lønnsregulativ som 1434 rådgjevar.
Vi har fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og velferdsordningar.

Spørsmål om stillinga

For meir informasjon kontakt:kommunikasjonsdirektør Torny Aarbakke, tlf. 908 54 462, e-post: torny.aarbakke@hi.no
eller rådgjevar Marie Hauge, tlf.: 975 68 384, e-post; marie.hauge@hi.no.

Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje stillinga.

Det vert gjort merksemd på at opplysingar om søkjarar kan offentleggjerast sjølv om søkjar har bedt om å ikkje verta oppført på søkjarlista. Søkjar vil verta orientert om dette på førehand.

Søknad med CV, arbeidsprøvar og kopi av attestar og vitnemål skal sendast
via link på denne sida.

Firma: Havforskningsinstituttet

Havforskingsinstituttet (HI) er et av dei største marine forskingsinstituttene i Europa med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Vårt hovudkontor ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.

Frå 1. januar 2018 er Havforskingsinstituttet fusjonert med Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES). Det nye instituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for ei bærekraftig forvaltning av ressursane i dei marine økosystema, og for heile kjeda frå hav til mat.

Powered by Labrador CMS