Stillingsannonse:

Avisa Hordaland søkjer vaktsjefar og journalistar

Søknadsfrist: 29. mai

Avisa Hordaland

Avisa Hordaland

Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang. Lokalavisa har lokale eigarar og samarbeider med Amedia om alt av tenester og system. Hordaland er opplagsvinnar blant lokalavisene i Vestland med eit opplag på 8527. Me veks kraftig digitalt, samstundes som at papiravisa står sterkt. Avisa kjem ut tre gonger i veka.

Lokalavisa på Voss er i vekst og søkjer journalistar til faste stillingar.
Me har høge journalistiske ambisjonar. Vil du vera med på laget?

I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet. Du skaper innhald som folk snakkar om, fordi du kjem tett på, med kort veg til kjelder og saker. Moglegheitene til å utvikla seg er eineståande gode i ei lokalavis som denne. Du avgjer sjølv kor langt du vil nå. Me samarbeider med Amedia, publiserer på deira tekniske løysingar, og har tilgang på deira redaksjonelle kompetansemiljø.

Kvalifikasjonar:

  • Er utdanna journalist eller har annan relevant utdanning

  • Meistrar idéutvikling og forstår kva som er ei god sak

  • Språkleg sterk og kjenner glede ved godt språk

Personlege eigenskapar:

  • Er ein lagspelar med evne til å motivera kollegaene dine

  • Sterk motivasjon for å gje lesarane det beste innhaldet

  • Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val

  • Brenn for journalistikk som opplyser, utviklar og underheld samfunnet

  • Har lyst til å utvikla deg sjølv og andre til det beste for avisa

Ei avis for mange

Hordaland held til i sentrum av Voss, ei av dei mest innovative bygdene i Noreg. Med jarnbanen kjem du deg til både Bergen og Oslo, og turmoglegheitene i og kring bygda er heilt unike. Mange kjenner til Voss gjennom Ekstremsportveko, Voss cup, skisport eller Vossa jazz, men Voss har òg ei sterk lokalavis med mange lojale lesarar. Med Voss herad sine 16.000 innbyggjarar vil du som tilsett i Hordaland vera viktig for mange. I tillegg kjem omeignskommunane Ulvik, Vaksdal, Modalen, Eidfjord og Ullensvang, som avisa òg dekkjer.

Ver med på laget!

Hordaland er ei nytenkjande avis med tradisjonelle røter, med store ambisjonar for framtida. Me skal vera ein attraktiv arbeidsstad, driva eit moderne mediehus, laga kvalitetsjournalistikk, vera fyrstevalet til kundar og ha ei synleg merkevare. Målet er å verta endå meir viktig for dei som brukar oss. Redaksjonen tel per i dag 13 personar, og me har mål om å bli fleire.

Vil du vera med å fornya ei av landets beste lokalaviser? Då søkjer du på stillinga som vaktsjef eller journalist.

Informasjon om stillingane

Stillingstype: fast
Arbeidsstad: Voss
Søknadsfrist: 29. mai

Kontaktinformasjon

Terje Hjartnes, konstituert ansvarleg redaktør, tlf. 928 53 896 /
[email protected]

Ørjan Brattetveit, klubbleiar, tlf. 416 23 262 / [email protected]

Send søknad og CV til [email protected]

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS