Stillingsannonse:
Fagforbundet har ledig vikariat som informasjonsrådgivar
Søknadsfrist: 23. oktober
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Fagforbundet har ledig eit vikariat som rådgivar på informasjonsavdelinga, fordi ein av våre medarbeidarar skal ut i foreldrepermisjon. Vikariatet er ledig frå 1. februar til 30. september 2023.
Informasjonsavdelinga har 16 medarbeidarar med ansvar for informasjon til medlemmer og tillitsvalde, materiellproduksjon, kampanjar, nettsider, sosiale media og medierådgiving. Vi har òg eige hustrykkeri.
No søker vi ein medarbeidar som kan ta på seg mange ulike oppgåver på avdelinga. Vi søker ein kollega som har journalistisk eller informasjonsfagleg erfaring, og det vil vera ein fordel med kunnskap om digital innhaldsproduksjon, strøyming og sosiale media. Framfor alt er vi ute etter søkarar har eit sterkt samfunnsengasjement, god politisk og organisatorisk forståing – og som likar å samarbeide.
Arbeidsoppgåver:
Produsere innhald til Oss tillitsvalgte, ulike trykksaker, nettsida og kanalane våre i sosiale media.
Arbeid med sosiale media, strøyming og lyd- og bilderedigering.
Informasjonsarbeid knytt til tariffoppgjer og valkamp.
Ta del i andre oppgåver på avdelinga.
Kvalifikasjonar:
Utdanning eller erfaring frå journalistikk eller kommunikasjonsfag.
Erfaring frå politisk og organisatorisk arbeid
Erfaring frå arbeid med sosiale media, blant anna med foto- og videoinnhald.
Relevant dokumentasjon skal leggast ved søknaden i webcruiter.
Personlege eigenskapar:
Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg.
Gode samarbeidsevner.
Sterkt samfunnsengasjement.
Evne til å handtere varierte arbeidsoppgåver.
Vi tilbyr:
Eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
Utfordrande arbeidsoppgåver
Tilrettelegging for kompetanseutvikling
Eit godt arbeidsmiljø
Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
Kontaktpersoner:
Kjell-Erik Kallset, leder, 952 28 158
Geirmund Jor, nestleder, 416 48 263
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon