Stillingsannonse:
Er du journalisten for oss?
Søknadsfrist: 15. oktober
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Bømlo-nytt er i stadig vekst. No søker me ein engasjert, rutinert og kreativ journalist i full stilling. Kanskje det er deg?
Bømlo-nytt kom første gong ut 30. august 1973, og kan altså feire 50 år om kort tid. Me kjem ut på papir onsdag og laurdag, men oppdaterer nettavisa vår, www.bomlo-nytt.no kontinuerleg.
Godkjent opplag i 2020 var 3.555, og over 7000 les oss dagleg på nett og papir.
I Bømlo-nytt er det 7,8 årsverk og åtte tilsette. Fem i redaksjonen, to på marknad og ein på grafisk.
Mediekonsernet Polaris er hovudaksjoner, noko som gjer at Bømlonytt har svært gode ressursar tilgjengelege – utover eigen stab.
Bømlo-nytt er den leiande mediebedrifta i Bømlo kommune, og skal også vere den føretrekte informasjonskanalen inn i framtida. Bømlo-nytt har hatt ei særs positiv utvikling dei siste åra, med stor auke både av lesarar og annonsørar på våre plattformer.
Me satsar for fullt digitalt og ønsker ein journalist som veit korleis saker blir godt lese på nettet.
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innan journalistikk, kommunikasjon, eller liknande
- Forståing for medieutvikling og digitalisering
- Redaksjonell erfaring
- Emne til å levere nyhende raskt, og samtidig levere større saker
- Sjølvstendig og kreativ
- Trigga av trafikk på eigne saker og heiar fram andre for å nå felles mål
Hos oss får du:
- Jobbe i eit positivt og dynamisk arbeidsmiljø
- Spennande arbeidsdagar med stor fridom
- Gode kollegaer
- Tilgang på gode analyseverktøy som legg til rette for vekst og utvikling
- Konkurransedyktige lønstilhøve og gode pensjons- og forsikringsordningar
Du må rekne med turnus med kvelds- og helgejobbing, og det er ein føresetnad at du har førarkort og disponerer eigen bil. Målforma i avisa er nynorsk.
Informasjon om stillinga:
Stillingstype: Fast
Arbeidsstad: Bømlo
Søknadsfrist: 15. oktober
Kontaktinfo:
- Ansvarleg redaktør Mona Terjesen, 951 86 671
- Leiar for redaksjonsklubben Nils-Tore Sele, 982 42 015
- Dagleg leiar Reidar Hystad, 906 76 983
Søknad kan sendast til: mona@bomlo-nytt.no
Nylige artikler
– Har inntrykk av at Pangram gir få falske positive treff
Åpent brev om utmelding av Norsk Redaktørforening
Nettavisen-journalist ble slem lege i Sigrid Sollunds nye bok
Leve fotojournalistikken!
Redaktørene svarer om kommentarfelt
Mest leste artikler
NRK ba ansatte slutte å strømme gravferden på nettet
NRK etter KI-funn: – Kan ikke utelukkes
Åpent brev om utmelding av Norsk Redaktørforening
Oslo-redaksjon tilbyr gratis journalistikk som går i dybden – regninga tar amerikansk milliardær
Drastisk fall for Dagbladet – mistet 25 prosent av leserne