Stillingsannonse:
Kvinnheringen jaktar journalist
Søknadsfrist: 15. november
No har du sjansen til å bli ein del av laget i den største lokalavisa i Kvinnherad! Kvinnheringen skal dagleg servera spennande innhald som engasjerer og gjer folk klokare. Vi har som mål å levera kritisk, uavhengig og god journalistikk – derfor treng vi dei beste journalistane!
Vi ser etter ny journalist i 100 prosent stilling, som kan starta over nyttår.
Vi er på jakt etter deg som:
Likar folk, er nysgjerrig, har teft for nyhende, og eit ønske om å engasjera og informera lesarane
Har digital kompetanse og kjennskap til fornuftig bruk av KI
Er komfortabel med å skriva, fotografera og laga video med mobilen
Er produktiv, idérik og trivst med stor variasjon i arbeidskvardagen og tidvis høgt tempo
Beherskar nynorsk
Dette kan vi tilby:
Eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer, i vakre Kvinnherad der du blant anna kan få sletta studielån og få billig barnehageplass
Mykje fridom under ansvar, og sjansen til å påverka eigen arbeidskvardag i stor grad
Mobiltelefon og høve til trening i arbeidstida
Tilgang på den beste teknologien og verktøya i bransjen gjennom eigaren vår Amedia, landets største utgivar av aviser
Gode sjansar for fagleg utvikling og kompetanseheving
Å jobba som journalist krev at du er allsidig, og vi treng journalistar med kompetanse og interesse for alt frå politikk og næringsliv til kultur og sport. Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.
Synest du det verkar spennande å jobba med oss, send oss ein søknad med CV og referansar innan 15. november.
Kontaktinformasjon
Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør Mona Grønningen på mona@kvinnheringen.no, eller ring 99224355.
Du kan også kontakta NJ-leiar Marius Tveit Nissestad på marius@kvinnheringen.no eller ring 48001295.
Nylige artikler
Pressestøtte-forslag vakte reaksjoner – nå skal det på høring
KI-advarsel gjør at NRK må tenke nytt om sladding
Å høste som man sår
Redaktørene må kunne teste KI-en de kjøper
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Selv om Hans Rustad blir kastet ut, er det ikke han som står igjen som den største taperen