Stillingsannonse:

Vinjesenteret søker arenaleiar

Søknadsfrist: 11. juni

Nynorsk kultursentrum - Vinjesenteret

Nynorsk kultursentrum, musea for nynorsk skriftkultur, formidlar, forskar på og forvaltar nynorsk språk og litteratur. Dette skjer både digitalt, og i form av arrangement og utstillingar i heile landet og ved dei tre arenaene våre i Vinje, Ulvik og Ørsta.

Vil du utvikle og drive Vinjesenteret, ein nasjonal kulturinstitusjon i kulturbygda Vinje i Telemark? Grip sjansen no!

Vinjesenteret for dikting og journalistikk opna i august 2021, og har ei stor utstilling med fokus på forteljingar, fakta og fantasi i det norske samfunnet, med utgangspunkt i diktinga og journalistikken. Då den noverande leiaren av Vinjesenteret går vidare i anna arbeid, ønskjer me oss ein ny inkluderande og offensiv arenaleiar som vinn tillit lokalt og respekt nasjonalt.

Som arenaleiar er du sentral i å gjere Vinjesenteret synleg i samfunnet. Du vil få brukt all din faglege kunnskap om kultur, litteratur, journalistikk, strategi, økonomi og systematikk, men vel så viktig er di evne og glede over å vera ein trygg og tydeleg leiar og medarbeidar.

Bakgrunn frå museum eller annan kulturinstitusjon er fint, og særleg spennande vil det vere om du har bakgrunn frå journalistikken. Mastergrad er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.

Viktige oppgåver er:

  • Personalansvar for fire tilsette på Vinjesenteret
  • Ha oversyn, bidra til god kommunikasjon og arbeidsflyt mellom dei tre arenaene
  • Leie arbeidet med å utvikle og drive publikumstilbodet på Vinjesenteret for det lokale og regionale publikummet gjennom året
  • Bidra til å leie og gjennomføre nasjonalt formidlingstilbod med turnear og vandreutstillingar i heile landet.
  • Etablere Vinjesenteret som eit spennande reisemål
  • Arrangere og utvikle den årlege festivalen Litteraturdagane vidare, også til nye målgrupper

Du vil arbeide tett saman med mellomleiarar i Haugesenteret og Aasentunet, og bidreg til den nasjonale satsinga til Nynorsk kultursentrum saman med andre medarbeidarar i organisasjonen.

Det ligg noko reising og noko helge- og kveldsarbeid i stillinga. Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Alle nye medarbeidarar får grundig opplæring.

Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein open bedriftskultur, engasjerte kollegaer, medlemskap i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon, gruppelivsforsikring og løn etter avtale.

Stillinga er ledig frå 1. august 2023. Kontorstaden er ved Vinjesenteret i Vinje kommune. Stillinga er fast og 100%.

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument til post@nynorsk.no. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.

Søknadsfrist: 11. juni 2023

Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju.

Ta gjerne kontakt med konst. direktør Gaute Øvereng,
tlf. 70 04 75 79 eller 47 33 41 44 om du har spørsmål.

Søkjarlister i Nynorsk kultursentrum er offentlege. Dersom du ønskjer at søknaden din blir unnateken offentlegheit, kan du søkje om dette. Legg ved grunngivinga i e-posten som følgjer med søknaden på stillinga.

Arbeidsstad: Vinjesenteret, Vinje
Tittel: Arenaleiar
Søknadsfrist: 11. juni 2023
Oppstart: Stillinga er ledig frå 1. august 2023
Stillingstype: Fast stilling, 100%

Søk på stillinga her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS