Stillingsannonse:
Sunnhordland søker journalist
Søknadsfrist: 11.mai
Denne artikkelen er over ett år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Har du lyst til å jobba i ei avis som verkeleg betyr noko for folk? Sunnhordland er den føretrekte mediekanalen her, og «alle» les oss når noko skjer.
No har me plass til ein ny journalist i redaksjonen vår på Sommarøya. Du får jobba i eit ungt, fagleg sterkt og sosialt miljø der me heiar på kvarandre – og der det alltid er rom for å utvikla seg vidare.
Hos oss får du vera med og laga både raske nyheiter og grundig, undersøkande journalistikk. Hos oss kan du setja dagsorden, og jobben du gjer vil bety mykje for mange.
Det siste året har Sunnhordland satsa på korte videoar på eiga nettside og i sosiale medium. Det er difor ein stor fordel med videokompetanse.
Me ser etter deg som:
– har erfaring frå journalistisk arbeid
– er nysgjerrig, sjølvstendig og meistrar nynorsk
– jobbar raskt og er trygg på presseetikken
– har førarkort klasse B
Stillinga går inn i turnus med kveld og helgar.
Høyrest dette ut som noko for deg? Send søknad og CV.
Pssst! Sjekk kven andre som jobbar hos oss på www.sunnhordland.no/jobbaher.
Kontaktinformasjon
Kjetil Østrem Klubbleiar Tlf: 982 42 022 kjetil@sunnhordland.no
Hilde Vormedal Nybø Nyheitsleiar Tlf: 982 42 008 hildevn@sunnhordland.no
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon