Stillingsannonse:

Vi har ledig stilling som nyheitsjournalist
Søknadsfrist: 1. desember
Kan du tenkje deg å jobbe i ein avisredaksjon der kvar dag er ulik, og du i stor grad jobbar med å setje dagsorden? Der du kan jobbe med å utvikle nyheiter og saker for nett og papir? Der du får høve til å jobbe med alle sjangrar og saksfelt, men med spesielt auge for nyheitsfeltet.
Journalistikken er i stor utvikling om dagen, også for lokalavisa. Frå å gje ut avis på papir tre/fire gonger i veka lagar vi no avis døgnet rundt. Vi er der det skjer og vi ynskjer å setja dagsorden. Vi skal utfordre makta og gå tett på, og vi skal også fortelje dei gode og nære historiene. Vi kan love ein variert arbeidsdag med høgt tempo og mange spanande utfordringar. Vi trekkjer store veksler på vera ein del av eit leiande aviskonsern.
Som journalist i avisa Valdres får du også i stor grad jobbe sjølvstendig med stort rom for eigne idear og medverknad
- Den vi søkjer jobbar raskt, trivst med høgt tempo og har teft for dei gode sakene.
- Du har eit breitt interessefelt, og kan skrive både nynorsk og bokmål.
- Du har like eins augo for gode bilete.
- Du må ha førarkort klasse B/vi har reportasjebilar
- Du har utdanning og/eller erfaring frå journalistisk arbeid, god kjennskap til sosiale medium, og har høg digital kompetanse og interesse.
Stillinga er fast, og vil inngå i turnus med kvelds- og helgevakter. Arbeidsstaden er Fagernes. Vi held til i nye og moderne redaksjonslokale i avishuset i Skrautvålsvegen 15.
Kontaktpersoner
Hilde Lysengen Havro, ansvarleg redaktør/dagleg leiar, hilde.havro@avisa-valdres.no, tlf. 951 20 776
Geir Helge Skattebo, klubbleiar, geir.skattebo@avisa-valdres.no, tlf. privat nr. 959 61 794