Stillingsannonse:

Setesdølen søkjer journalist / frontredigerar

Søknadsfrist: 18. april

Setesdølen

Setesdølen er ei lokalavis for Setesdal og Åseral sine 7000 innbyggjarar. Vi er eit digitalt mediehus med papiravis to dagar i veka. Opplaget er på 3.800. Setesdølen er eigd av Polaris Media Sør AS.

Vil du bli journalist i eit av Noregs mest varierte og særmerkte bygdesamfunn? Vi sett saman ein heilt ny redaksjon som skal følge Setesdals utvikling tett.

Vi held til i nedre Setesdal, og planlegg også tilsetting av ei satelittstilling på Hovden/Valle.

Setesdal er eit variert og spennande dekningsområdet med mykje natur, kultur, og mange festivalar og mykje friluftsliv. Frå fjellvidder på Hovden med hyttebygging og eit pulserande reiseliv, til badestrender langs Byglandsfjorden, og yrande bygdebyliv i regionsenteret på Evje, er det eit breitt spekter av samfunnslivet me dekkar.

For oss er det utruleg spennande å følgje utviklinga i Setesdal tett og vere først ute med nyheiter som også vekker regional og av og til nasjonal merksemd. Samtidig er det også svært viktig for oss å stille dei kritiske spørsmåla i eit bygdesamfunn der utviklinga går i eit rivande tempo.

Vi ønsker nå å sette saman eit nytt, offensivt og framovelent lag, og søker difor etter ein journalistar/frontredigerar i 100 % fast stilling.

Frontredigeringsjobben delast på av fleire i redaksjonen og går difor stort sett på rundgang.

Dette kan vi tilby:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag, der du vil påverke og sette ditt preg på produktet vi serverer lesarane våre.
  • Stor fridom under ansvar.
  • Du vil bli ein del av ein redaksjon med stor takhøgde.
  • Du vil få arbeide med alle stoffområde i eit lokalsamfunn med stor variasjon og spennande utvikling.
  • Du blir ein del av eit stort og spennande kompetansemiljø gjennom Polaris Media Sør.
  • Har du av og til behov for heimekontor, legg vi sjølvsagt til rette for det.

Dette ventar vi av deg:

  • Bakgrunn frå journalistikk er ein fordel, men ikkje eitt krav
  • At du har gode digitale ferdigheiter og forståing av sosiale medier.
  • At du må ha stor sans for foto og glede av å formidle og finne dei gode historiene
  • At du er sjølvstendig og dermed også evnar å grave fram eigne saker.
  • At du er effektiv og også presterer godt under press.
  • At du er ein lagspelar og blir trigga av å skape gode resultat i samarbeid med kollegaer.
  • Du må ha førarkort og disponere eigen bil.

Lurer du på noko?

Då må du gjerne ta kontakt for ein prat med:

Ansvarlig redaktør, Olav Åsen Haugsgjerd, tlf. 90982794, olav@setesdolen.no

Søknadsfrist er satt til fredag 18. april. Me vurderer søknadene løpande for tilsetting.

Vår ambisjon er å bidra til ein mangfaldig samfunnsdebatt og ønsker at vår arbeidsstyrke skal reflektere samfunnet vi lever i. Vi ønsker å tiltrekke oss medarbeidarar med ulik fagkompetanse, erfaring, personlege eigenskapar, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi fokuserer på kvalifikasjonskrava og er opptatt av ditt engasjement for stillinga.

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS