Stillingsannonse:

Firda søker nyheitsredaktør
Søknadsfrist: 15. oktober
Vil du vere med å lage verdas viktigaste lokalavis for Firda sitt nedslagsfelt?
Firda er den største avisa i Sogn og Fjordane med vel 10.000 abonnentar. 8.000 av desse er digitalabonnentar.
Avisa kjem ut i Førde og vi dekker Sunnfjord, delar av Nordfjord og Ytre Sogn. Firda vinn prisar for journalistikken vår og vi er også kåra til årets lokale nyheitsnettstad av MBL og årets mediehus i Amedia.
I Firda har vi eit ungt arbeidsmiljø, og vi held til i moderne lokale i Nynorskhuset i Førde sentrum.
Firda er eigd av Amedia, som er Norges største utgivar av redaktørstyrte medium. Dagleg når dei 107 norske avisene i konsernet meir enn to millionar lesarar. Amedia har 2.000 tilsette i Norge.
I Firda jobbar vi for fullt mot målet om ein heildigital nyheitskvardag, samtidig som vi også gir ut to papiraviser i veka.
No ser vi etter ein nyheitsredaktør som kan bidra til å styrke denne satsinga. Er det deg?
Vi ser etter ein engasjert og nysgjerrig person som kan leie det daglege nyheitsarbeidet i avisa. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere å leie, motivere og vidareutvikle ein redaksjon med 15 årsverk, og sørge for at Firda til ei kvar tid publiserer innhald som er viktig og nyttig for lesarane.
Kva kan vi tilby?
Firda har som mål å vere navet for samfunnsdebatten i vårt dekningsområde. Vi skal vere premissleverandør i den offentlege samtalen, publisere kritisk journalistikk, og også løfte fram alle dei positive tinga som skjer i lokalsamfunna våre. Nyheitsredaktøren leier det daglege arbeidet med dette.
Som ein del av Amedia-nettverket får du god støtte frå ulike fagmiljø. Amedia er i fleire år kåra til ein av landets mest attraktive arbeidsgivarar. Som leiar i Amedia vil du oppleve eit godt samarbeid og samspel på tvers av ulike redaksjonar og forretningsområde.
Du får også tilbod om å delta i Amedia sine leiarutviklingsprogram.
Kva skal du oppnå?
Gjennom handlekraft og entusiasme skal du skape eit lag som jobbar sjølvstendig mot eit felles mål.
Du sikrar vekst på dei digitale plattformene våre, du utviklar medarbeidarane dine og er tett på journalistikken og det daglege nyheitsarbeidet.
Er du den rette kandidaten?
- Du har høg arbeidskapasitet og har ambisjon om å utvikle deg som leiar i tett samarbeid med ansvarleg redaktør.
- Du må ha god kunnskap om presseetikk og tek i bruk innsikt og analyse for å utvikle journalistikken til beste for lesarane.
- Du er ein stødig nynorskbrukar, har førarkort for bil og bur i Firda sitt dekningsområde.
Klar for utfordringa?
For spørsmål om stillinga, ta kontakt med:
Kai Aage Pedersen, redaktør, 970 55 202, kai.aage.pedersen@firda.no