Stillingsannonse:

Kvinnheringen søker journalist

Søknadsfrist 28. september

Om arbeidsgiver

Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, og dei siste åra har vi hatt ein solid digital vekst. Kvinnheringen er eigd av Amedia, som er landets største utgivar av redaktørstyrte medium og leiande på lokal avisutvikling.

Kvinnheringen søker journalist til fast stilling!

Kvinnheringen skal dagleg servera folk i Kvinnherad journalistikk om det folk flest snakkar om og er opptekne av. Vi skal levera kritisk, uavhengig og god journalistikk, og vera ei open og inkluderande avis. Derfor treng vi dei beste journalistane! Ikkje gå glipp av denne sjansen til å søka jobb i Kvinnheringen, og å bu og jobba i vakre Kvinnherad kommune.

Vi ser etter deg som:

  • trivst med å rykka ut på store og små hendingar og rapportera direkte frå felten, med tekst, bilde og video
  • er språksikker, idérik, sjølvstendig og tar initiativ
  • skjønar korleis god journalistikk skal presenterast for å vekka interesse
  • likar høgt arbeidstempo og varierte arbeidskvardagar

Vi kan tilby: 

  • eit godt arbeidsmiljø med stor fridom til å setja dagsorden
  • ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for kvinnheringane
  • gode høve til personleg utvikling i landets største mediekonsern
  • fleksibel arbeidstid

I Kvinnherad får du:

  • svært billig barnehage
  • gratis SFO
  • kutta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år
  • nærleik til fjord og fjell og svært mange turmoglegheiter i landet sin flottaste natur 

Å jobba som journalist krev at du er allsidig og kan bidra der det er behov. Vi treng journalistar med kompetanse og interesse for blant anna politikk, næringsliv, hendingar, kultur, sport, foto og video.

Men vi vil gjerne vita meir om dei sterke sidene dine, så skriv gjerne om kva du likar best å jobba med og om du har spesialkompetanse på nokre område. Vi legg vekt på digital kompetanse og relevant erfaring, og du må ha førarkort og disponera bil.

Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt 

Mona Grønningen, redaktør, epost: mona@kvinnheringen.no / mobil: 992 24 355

Jonn Karl Sætre, NJ-leiar, e-post: jonn.karl@kvinnheringen.no / mobil: 995 20 861

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS