Stillingsannonse:

Kvinnheringen-redaksjonen: F.v: Elisabeth Berg Hass, Gina E. Albrethson, Mona Grønningen, Jonn Karl Sætre, Peder Sjo Slettebø og Håvard Røyrvik

Vil du prøva deg som journalist i Kvinnheringen? Vi treng journalist til vikariat

Søknadsfrist: 31. mai

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Kvinnheringen

Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, med eit opplag på rundt 4.415 (2. halvår 2020). Dei siste åra har vi vunne fleire prisar, og hatt ein solid digital vekst. Kvinnheringen er eigd av Amedia-konsernet, som òg eig 80 andre aviser.

No vil vi ha tak i ein journalist som kan tre inn i eitt års vikariat når ein av våre tilsette skal ut i permisjon.

Kvinnheringen er på jakt etter ein journalist som ser dei gode nyhendesa-kene, som ivrar etter å presentera dei raskt – og som evnar å gjera det i ulike kanalar. I Kvinnheringen tenker vi på nettavisa først.

I tillegg til å vera skrivande, vil du også ha video, direkteoppdateringar, strøyming og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du også få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vera open for å tenka og læra nytt.

Vi ser etter ein person som:

  • Kan jakta på dei store avsløringane, men som også kan handtera dei små, kjappe nyhenda.
  • Likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og vera kreativ.
  • Vert trigga av at sakene dine blir lesne og heiar frem andre for å nå fel-les mål.
  • Brenn for lokalsamfunn og ser verdien av god lokaljournalistikk.
  • Har gode idear, likar å prata med folk, kan skriva godt og fotograferer sjølv.
  • Er flink til å koma tett på folk og få fram dei gode historiene.
  • Har førarkort og disponerer bil.
  • Skriv godt nynorsk.

Vi kan tilpassa arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider, men vi legg stor vekt på digital kompetanse og relevant er-faring.

Vi tilbyr:

  • Ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for folk.
  • Eit nettverk av 900 journalistar i 81 lokalaviser som saman utviklar lo-kaljournalistikken.
  • Eit svært godt arbeidsmiljø i eit digitalfokusert avishus på Husnes.
  • Svært variert arbeid, der du blir ein del av turnusen i redaksjonen.
  • Mange gode kurs og utviklingsmogelegheiter i landets største lokal-aviskonsern.
  • Løn etter avtale
Dronebilde Husnes sentrum

Dersom dette høyrest interessant ut, send ein søknad med CV og referanse.

Søknadsfrist er 31. mai.

Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør
Mona Grønningenmona@kvinnheringen.no, eller ring 99224355.

Du kan også kontakta NJ-leiar Jonn Karl Sætrejonn.karl@kvinnheringen.no eller ring 99520861.

Søk stillinga her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS