Stillingsannonse:
Vil du jobbe med norsk energipolitikk?
Søknadsfrist: 4. februar
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Olje- og energidepartementet søker kommunikasjonsrådgiver.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver
Om stillinga:
Det er ledig ei fast stilling som kommunikasjonsrådgivar (førstekonsulent/rådgivar/seniorrådgivar) i Olje- og energidepartementet. Me søkjer deg som er samfunnsinteressert, som kan gi solid kommunikasjonsfagleg støtte, og som trivst på reisefot og med høgt tempo. Som medarbeidar i Kommunikasjonseininga blir du del av eit lag med fem erfarne kollegaer som blir leia av kommunikasjonssjefen.
Arbeidsoppgåvene er varierte og omfattar blant anna:
- Gi råd og leggje til rette for mediekontakt for politisk leiing
- Førebu reiser og arrangement
- Skrive innlegg og talar for statsråden
- Produsere innhald til regjeringa.no og sosiale medum
- Tett kontakt med fagavdelingane og politisk leiing
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå
- Erfaring frå relevant kommunikasjonsarbeid er ein fordel
- Det er ein fordel om du har kjennskap til offentleg sektor
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Stillinga krev sikkerheitsklarering.
Personlege eigenskapar:
Me søkjer ein person som er imøtekomande, løysingsorientert og som samarbeider godt. Stillinga krev at du har god rolleforståing, analytiske evner og forstår politiske prosessar. Du tar initiativ, jobbar sjølvstendig og er strukturert. Du har stor arbeidskapasitet, set deg raskt inn i ulike saker og trivst med eit høgt arbeidstempo.
Me tilbyr:
- Årslønn i spennet frå 483 700 - 750 000.
- Interessante og utfordrande oppgåver i eit dynamisk, tverrfagleg og triveleg arbeidsmiljø.
- Spennande problemstillingar i skjeringspunktet mellom fag og politikk.
I staten får du mellom anna fleksitid, lønna overtid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får også moglegheit til å trene i arbeidstida.
Stillinga er ein del av vaktordninga i kommunikasjonseininga, og du må rekne med tidvis kvelds- og helgearbeid. Det er også ein del reiseverksemd.
Generell informasjon
Kontaktinformasjon:
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58.
Positiv særbehandling:
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, «hol» i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalle minst ein søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Me oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, «hol» i CV-en, eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i årsrapportane.
Nylige artikler
Åpner om kjendisstatusen: – Tidvis helt forferdelig
17 kjappe
Selvransakelse og lettelse under rettssakens siste dag
NJ-advokat om «medierabatt» i straffesaker: – Hvor skulle grensen gått?
Debatt: Hva har Høiby-saken lært oss?
Mest leste artikler
Vi har mista vår unike og rause venn og kollega
Åpner om kjendisstatusen: – Tidvis helt forferdelig
Slakter Klassekampens forståelse av statistikk
Det er en trojansk hest i Aftenposten-redaksjonen
Forlet Demo etter usemje