Stillingsannonse:
Vil du bli nynorskjournalist midt i hovudstaden?
Søknadsfrist: 30. juni
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Vi har spennande jobb til deg.
Det er ledig fast stilling som journalist i Nynorsk pressekontor. Dersom du er interessert i å vera journalist og formidla nyhende på eitt av verdas vakraste skriftspråk, bør du snu deg raskt rundt, klakka ned ein søknad og sende til oss.
Vi er ute etter ein allsidig og skrivefør ny kollega, som kan vera med og løfta oss og nynorsken inn i framtida. Som medarbeidar i NPK må du vere førebudd på svært varierte, spennande, og av og til litt kjedelege oppgåver. Men sidan vi held til midt i hovudstaden, er det eigentleg berre din eigen kreativitet som set grense for kva du kan laga sak på, kven du kan intervjua. Utfordringa er å finne ein knagg, eller ei vinkling som er interessant nok til å laga ei sak som mange vil publisere. Finn du det, er det mest rett fram!
Vi er opptil fleire rutinerte medarbeidarar i Nynorsk pressekontor og kan godt tenkje oss å få inn ei eller ein som ser oss og det vi gjer med litt andre og gjerne friske, digitale auge.
Det er mange utfordringar, men endå fleire moglegheiter i den nye mediaverda, og vi skal gjer vårt for at det kjem endå meir godt og viktig lesestoff med nyhetsverdi på nynorsk ut til endå fleire enn i dag. Kanskje du er den som skal gjera oss endå betre til det.
Søknadsfrist torsdag 30. juni
Spørsmål om stillinga kan rettast til redaktør og dagleg leiar Jan Inge Fardal på 91310274 eller til e-post jani@npk.no
I tillegg til den ledige stillinga er vi interesserte i å komme i kontakt med potensielle tilkallingsvikarer som kan steppe inn når vi treng det.
Nylige artikler
Journalist dømt til fengsel i 24 dager – godtar dommen
«Det norske medier skriver er ikke sant»
17 kjappe
Mediene tilslører forbrytelsene
Krever svar fra regjeringen om russisk søksmål mot norsk avis
Mest leste artikler
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt
«Profeten i Bærum»-regissøren snakket ut: – Skjønte at jeg ikke hadde kontroll
NRK-profilen er «fornøyd mann» hos hårklinikk – nå er NRK-navnet fjernet
Det er ikke personlig. Det er bare journalistikk
NRK-sjef om nedbemanning: – Treffer også lederne ganske hardt