Stillingsannonse:

Vil du bli journalist og bruke nynorsk – her får du opplæring med løn

Søknadsfrist: 15. oktober

Nynorsk avissenter søkjer etter engasjert ungdom som vil bli journalist med nynorsk som mediespråk.

Vi tilbyr plass for fire praktikantar i kull 14.
Opplæring og praksis i Førde i fire månader frå 2. januar 2020.
Deretter to månader praksis i sjølvvald avisredaksjon til 30. juni.
Løn i heile opplæringstida. Etter 12 kull har vi lært opp 50 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. No ser vi etter nye talent.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.
Dei lyser ut det 32. kullet med same søknadsfrist, 15. oktober.

Vi tilbyr:

  • Effektiv og intensiv opplæring i avisjournalistikk
  • Fire månader praksis i Firda og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Produksjon av nyhende, reportasjar og bloggar for nett, papir og sosiale medium
  • Førelesingar i språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode Video, foto, frontredigering, podkast, strøyming, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå mentor og erfarne journalistar Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis Hjelp til med å skaffe bustad i Førde

Du har:

  • Lyst til å skrive nynorsk og bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B
  • Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning
  • Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn


SØK STILLINGEN HER:

Kontakt:
Dagleg leiar Kjell Ove Nordeide, tlf. 911 49 803 eller på mail [email protected]

Firma: Stiftinga Nynorsk avissenter

Stiftinga Nynorsk avissenter gjev nynorskpraktikantar opplæring og praksis i journalistikk.
Vi held til i Førde i Sogn og Fjordane, med Firda som vertsavis. Vi tar inn fire-fem praktikantar i halvåret.
Føremålet vårt er å få fram nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse,
og vi samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter, mellom anna om felles førelesingar.
Over halvparten av tidlegare praktikantar arbeider i dag som journalist på heil- eller deltid.
Praktikantane har hatt praksis i aviser som Bergens Tidende, Dagen, Dag og Tid, Firda, Framtida,
Hallingdølen, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Romsdals Budstikke,
Sunnmørsposten, Tysnes og Vårt Land. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media.