Stillingsannonse:
Sommarvikarar i NRK-sporten
Søknadsfrist: 24. januar
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
NRK Sport søkjer dyktige sommarvikarar frå juni til ut august 2022. Konkret periode blir avklart med den enkelte.
Vi treng journalistar med eit lidenskapleg forhold til sport og journalistikk. Du må ha gode evner til, og eit intenst sug etter, å formidle nyheiter og engasjerande historier til eit stadig meir kresent publikum. Vi vil at folk skal velje NRK, på alle plattformer - nett, TV og radio.
Som sommarvikar kjem du til å arbeide på den fleirmediale nyheitsdesken på Marienlyst.
Blant veldig mykje anna, er EM i fotball for kvinner, og VM og EM i friidrett, det største som skjer på sportsfronten i sommar.
Vi er den største sportsredaksjonen i Noreg. Totalt arbeider det rundt 90 personar i NRK-sporten, fordelt på ei rekkje fag-grupper.
NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du ein interessant søkjar fordi NRK ønskjer å styrkje seg på desse områda. Vi ønskjer òg å rekruttere fleire kvinner til sportsjournalistikken.
Arbeidsoppgåver:
Nyheitsjobbing for nett, TV eller radio. Reiser kan bli aktuelt, men primært blir arbeidet knytt til deskane heime.
Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar, som kan steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.
Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.
Kvalifikasjonar:
- Du må ha journalistisk erfaring frå sports- eller nyheitsredaksjonar.
- Du må ha utdanning innan journalistikk frå universitet eller høgskule eller vere i gang med studia.
- Du må raskt kunne tileigne deg teknologien og arbeidsverktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.
Personlege eigenskapar:
- Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
- Du må ha ha nyheitsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
- Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
- Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
- Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.
Vi tilbyr:
- Spennande og aktive månader i Noregs største sportsredaksjon. Vi stiller krav, men vi skal ha det moro på jobb!
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap som vi gjerne deler.
- Høgt tempo og godt humør.
- Grunnleggjande innføring i bruk av dataverktøy.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Geirmund Henjum, redaksjonsleiar, 97403861, geirmund.henjum@nrk.no
Nylige artikler
Polaris-sjefen irritert over pessimismen i mediebransjen
Redaktøren gikk av – så tok han et heftig oppgjør med TU-styret
17 kjappe
– Dette er sjokkerende. Jeg blir dritforbanna
Når hevn blir et eget journalistisk stoffområde
Mest leste artikler
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt
Debatten-seertall: Slått av Solvang
NRK-profilen er «fornøyd mann» hos hårklinikk – nå er NRK-navnet fjernet
NRK: «Tung og legitim grunn» til oppsigelse av ansatt
Skuffende god oppførsel fra avisene som stjal Tore Strømøy fra Tyholttårnet