Stillingsannonse:

NRK Sport søker vintervikarar
Søknadsfrist: 04. oktober
Vi treng påfyll av journalistvikarar som har blikk for både den gode, varme sportshistoria og den oppsiktsvekkande nyheita.
Du må ha gode evner til, og eit intenst sug etter,
å formidle historiene til eit stadig meir kresent publikum som NRK gjerne vil skal velge oss.
Denne vinteren ser ut til å bli ein av dei mest hektiske og spennande NRK-vintrane på mange år. Vi skal formidle fire verdsmeisterskap i tillegg til verdscupane.
Når vi sender dei dyktige, faste medarbeidarane våre ut i verda for å servere ekstatiske øyeblikk til publikum, må vi erstatte dei faste for å styrke heimedeskane på alle plattformer.
Periode: 09.11.2020 - 29.03.2021. Nokre startar rundt nyttår, fordi vi treng ikkje full styrke gjennom heile perioden.
NRK Sport er størst på direktesendt sport i Norge. Vi formidlar ca.1300 timar sport direkte året. Vi har daglege nyheits-og magasinsendingar og satsar meir og meir på nett, mobil og sosiale medier.
NRK skal spegle mangfaldet i det norske samfunnet. Har du fleirkulturell kompetanse, eller nyttar nynorsk, er du difor ein interessant søkjar fordi NRK ønsker å styrke seg på desse områda.
Arbeidsoppgåver
Vi skal rekruttere journalistar som skal arbeide på ulike plattformer,
og gjerne pendle mellom dei.
Arbeidet vil gå føre seg på:
- Nettdesken, som hurtig formidlar siste nytt på nrk.no , men som i tillegg alltid har meir omfattande satsingar på gang.
- SoMe-desken, der den viktigaste oppgåva er å produsere og publisere innhald til Instagram og Facebook-kontoane, som blir ein stadig viktigare arena.
- TV-og radio-desken, som produserer til ulike nyheitssendingar og til lengre sendeflater.
Vi treng òg journalistar med erfaring som redaksjonelle arbeidsleiarar for å kunne steppe inn som vaktsjef når det er behov for det.
Det er fint om søkjarane spesifiserer spisskompetansen sin.
Kvalifikasjonar
- Du må ha dokumentert journalistisk erfaring frå internett og/eller TV og radio.
- Du må ha dokumentasjon på utdanning innan journalistikk eller informasjonfaget frå universitet eller høgskule.
- Du må kunne bruke og lett tilegne deg teknologien og verktøya som er i bruk i ei moderne mediebedrift.
Personlege eigenskapar
- Du må vere lidenskapleg interessert i, og ha kunnskap om, sport.
- Du må vere ein god historieforteljar og ha eit godt munnleg og skriftleg språk.
- Du må vise engasjement, energi og initiativ og vere i stand til å jobbe fram eigne saker.
- Du må ha ha nyheitsteft og kunne jobbe raskt under tidspress.
- Du må beherske NRK sine publiseringssystem.
- Du må vere innstilt på å jobbe på ulike plattformer.
Vi tilbyr
- Spennande og aktive månader i Norges største sportsredaksjon.
- Eit pulserande og godt arbeidsmiljø med mykje kunnskap.
- Høgt tempo og godt humør.
- Grunnleggande innføring i bruk av dataverktøy
Løn blir fastsett etter gjeldande tariffavtalar.NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.
Spørsmål om stillingen kontakt:
- Redaksjonsleiar Geirmund Henjum tlf: 97403861
epost: [email protected] - Redaksjonsleder, SoMe-kontakt Marie Walsøe tlf: 97713071
epost: [email protected]