Stillingsannonse:

Jobbe her? Firda søker ivrige sommarvikarar

Søknadsfrist: 8. mars

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Firma: Firda

Firda held til i Førde og er lokalavis for sju kommunar i Sogn og Fjordane. Vi er 18 årsverk i redaksjonen.Samla når vi 39.000 lesarar gjennom mobil, nett og papiravis kvar dag.

Firda blir redigert på nynorsk.

Firda blir gitt ut av Firda Media AS, eit selskap i mediekonsernet Amedia.

Firda søker engasjerte sommarvikarar som har lyst å jobbe i høgt tempo for å levere på firda.no.

Firda skal tilsette vikarar i redaksjonen for sommaren 2021. Som sommarvikar jobbar du hovudsakleg som nyheitsjournalist, men du er innom alle felt og får ein variert kvardag. Du er motivert til å finne eigne saker, jobbar sjølvstendig og er samarbeidsvillig. I Firda skriv vi nynorsk.

Sommarvikarane våre går i turnus med tidleg-, dag-, kvelds- og helgevakter.

Du må ha førarkort for bil.

Firda er lokalavis for sju kommunar. Vi held til i Førde og har 18 årsverk i redaksjonen, og er nyleg kåra til årets lokale nyheitsnettstad av Mediebedriftenes Landsforening (MBL).

Spørsmål om vikariata?
Ta kontakt med Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør: 97055202 eller
Trond Grimeland, nyheitsredaktør: 91149804

Send ein kort søknad med CV til kai.aage.pedersen@firda.no

Sommarvikariata varer frå midten av juni til midten av august.

Frist: Snarast og seinast 8.mars

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS