Stillingsannonse:
Har du eit brennande engasjement for kommunikasjon, og kunne tenkt deg å bu i Sogndal?
Søknadsfrist: 23. april
Denne artikkelen er over fem år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Dette er ei stilling for deg som har litt erfaring, gjerne som rådgivar og/eller innhaldsprodusent. Vi er på jakt etter deg som kan fortelje dei gode historiane og presentere dei på ein delikat måte som skapar engasjement. Du vil jobbe sjølvstendig mot kundar i heile landet, avdekke kundebehov og forme kommunikasjonsstrategiar for å skape suksess og vekst. Du bør også ha grunnleggjande forståing for søkemotoroptimalisering.
Vi ser etter deg som:
- har lidenskap for kommunikasjon
- er ein allsidig skribent som likar å jobbe med ulike tema og kundar
- er kreativ, analytisk og engasjert
- har stor interesse for digital marknadsføring og teknologi
- er komfortabel med å skrive nynorsk
- gjerne har journalist- eller tekstforfattarbakgrunn
- har erfaring med å utvikle kommunikasjonsstrategiar
- er sjølvstendig og har eit kommersielt fokus
Vi tilbyr:
- 100% fast stilling, kontorplass Campus Sogndal
- Stor kundemasse med varierande behov
- Prosjekt der ein jobbar i team
- Ein kvardag med mykje ansvar og spennande utfordringar
- Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, både internt og på Campus
- Kø- og bompengefri kvardag med kort avstand til det meste
- Konkurransedyktig lønn etter avtale
- Treningskort på Idrettsenteret, som held til i etasjen under oss
Les meir om stillinga på våre nettsider gasta.no.
Send søknad med CV til astri@gasta.no innan 23. april 2021.
Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med ass. byråleiar Astri Knudsen
på 984 08 619.
Nylige artikler
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt
Redaksjonen betalte da Dagbladet-profilene fikk hårtransplantasjon
KI er journalistenes Viagra
Nektes pressestøtte på grunn av adressen: – Veldig merkelig
Aller Media kjøper 30 prosent av Subjekt
Mest leste artikler
Debatten-seertall: Slått av Solvang
Siktet finansmann forteller: Slik fikk han tilgang til upubliserte DN-artikler
NRK: «Tung og legitim grunn» til oppsigelse av ansatt
Skuffende god oppførsel fra avisene som stjal Tore Strømøy fra Tyholttårnet
Tore Strømøy-podkast felt i PFU