Stillingsannonse:

Fagforbundet søker rådgivarar

Søknadsfrist: 08. juni

Informasjonsavdelinga har 15 medarbeidarar med ansvar for informasjon til medlemmer og tillitsvalde, materiellproduksjon, kampanjar, nettsider, sosiale media og medierådgiving. Vi har òg eige hustrykkeri.

No søker vi to medarbeidarar som skal skrive og lage anna innhald til nettside, intranett og sosiale media. Dei som blir tilsette skal også ta aktivt del i arbeidet til avdelinga på andre område.

Søkarane må like å samarbeide, vera samfunnsengasjerte, ha kjennskap til arbeidarrørsla og dele måla Fagforbundet har for samfunnsutviklinga.

Rådgivar – SOME-ansvarleg

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere og prioritere arbeidet til Fagforbundet i ulike sosiale media.
  • Produsere innhald og tilpasse dette til kanalane våre.
  • Ansvar for organisk og annonsert innhald.
  • Styrke aktiviteten til Fagforbundet i sosiale media både nasjonalt og lokalt.
  • Samarbeide med, og drive opplæring av, tillitsvalde og tilsette over heile landet.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning eller erfaring frå journalistikk eller informasjonsarbeid
  • Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg og med visuelle hjelpemiddel.
  • Erfaring frå arbeid med sosiale media og kjennskap til måle- og annonseringsverktøy.
  • Erfaring frå bruk av film- og bilderedigeringsprogram.

Rådgivar – nettmedarbeidar og intranett-ansvarleg

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle nettsidene til Fagforbundet i tett samarbeid med nettredaktøren.
  • Ansvar for innhaldet på og utviklinga av intranettet til nær 400 tilsette.
  • Produsere innhald til nettsidene, intranettet, sosiale media og andre kanalar.
  • Ha tett kontakt med tilsette i andre avdelingar og delar av organisasjonen.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning eller erfaring frå journalistikk eller informasjonsarbeid.
  • Evne til å uttrykke seg raskt og godt skriftleg og med visuelle hjelpemiddel.
  • Erfaring frå publisering på nett og kjennskap til intranett.
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid.

Vi tilbyr
Vi tilbyr viktige og interessante arbeidsoppgåver, gode lønns- og arbeidsvilkår – og eit triveleg arbeidsmiljø.

Spørsmål om stillingen kontakt:
Kommunikasjonssjef Kjell-Erik Kallset tlf: 95228158 mail:
[email protected], eller
Nestleiar Geirmund Jor tlf: 41648263 mail: [email protected]

SØK STILLINGEN HER:

Firma: Fagforbundet

Fagforbundet er den største arbeidstakarorganisasjonen i landet, med omlag 390.000 medlemmar.
Fagforbundet organiserar arbeidstakarar i kommunale, fylkeskommunale, private og offenlege verksemder i tillegg til tilsette i sjukehus. Fagforbundet arbeider for eit samfunn som er tufta på omtanke, solidaritet og samhald.

www.fagforbundet.no

Fagforbundet arbeider aktivt for å nå målsettingane i IA - avtalen.

Personar med minoritetsbakgrunn blir oppmoda til å søkje.