Stillingsannonse:

Khrono søker nyheitsjournalist med arbeidsstad enten i Bergen eller Oslo

Søknadsfrist: 22. juni

Nyheitsjournalist i Khrono 

Khrono

Kunnskapsavisen Khrono er en redaksjonelt uavhengig avis med nyheter og debatt fra og om høyere utdanning og forskning.

Har du lyst til å sette dagsordenen i kunnskapssektoren? Har du nyheitsteft, ein frisk og rask penn og i tillegg er god på sosiale medium?

Då kan du vere den vi leiter etter. Vi søker ein nyheitsjournalist til Khrono-desken. Hovudoppgåvene er å følge nyheitsbileta i vår nisje og lage korte, gode nyheitssaker som engasjerer. I tillegg skal du formidle innhald i sosiale medium.

Vi ser etter deg som er flink til å finne akkurat den vinkelen på ei sak som våre lesarar vil ha, og som ikkje er redd for å dykke ned i ein rapport eller ein statistikk for å hente ut dei gode poenga. Khrono er kunnskapssektorens nisjeavis. Målgruppa er alle som er knytta til universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta, og alt som er relevant for dei, er godt Khrono-stoff.

Khrono er i dag aktiv i sosiale medium, i hovudsak på Facebook, men det vil vere aktuelt å satse breiare på SoMe.

Arbeidsoppgåver:

  • Lage digitale nyheitssaker og reportasjar frå kunnskapssektoren
  • Noko redigering, desking og publisering
  • Handtering av, og å vere til stades i sosiale medium

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Journalistisk teft, gode idéar og sterk motivasjon for å finne dei gode journalistiske sakene i nedslagsfeltet vårt
  • God forståing for samfunn og politikk
  • Utdanning på universitets- eller høgskolenivå, fortrinnsvis journalistikk og/eller medieutdanning. Relevant praksis kan kompensere for formell utdanning.
  • Erfaring frå fleirmedial journalistikk og publisering, eller annan relevant digital erfaring ville vere ein fordel
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ei føremon

Vi ønsker at du skal bidra på ein arbeidsplass og i eit kreativt og pågåande redaksjonelt miljø der det skal vere kjekt, meiningsfullt og fagleg utfordrande å jobbe. Du er uredd og etterretteleg, har stor arbeidskapasitet og engasjement. Du liker å samarbeide, og kan bygge tillit i universitets- og høgskolemiljøa, på same tid som du held fast ved den kritiske og uavhengige redaksjonelle linja til avisa. Khrono er ei riksdekkande avis og du må rekne med noko reising. Stillinga inneber noko turnusarbeid.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 635 400 - 720 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Du vil bli tilsett ved OsloMet eller Universitetet i Bergen. Eigarskapsstrukturen er under utreiing og kan bli endra ved årskiftet. Arbeidsoppgåvene som er tillagt stillinga kan bli endra.

Generell informasjon:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Kontaktpersoner

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte: 

nyheitsredaktør, ragnhild.bjorge@khrono.no, tlf.: 900 73 491 eller vaktsjef/reportasjeleiar,  sveinung.engeland@khrono.no, tlf.: 913 22 043.

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS