Stillingsannonse:

Helse- og omsorgsdepartementet
 søker to samfunnsengasjerte kommunikasjonsrådgjevarar!

Søknadsfrist: 11. mars

Bli kjent med kommunikasjonseininga

Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette. Les meir om oss på regjeringa.no.

Kommunikasjonseininga har eit overordna ansvar for kommunikasjonsarbeidet i Helse- og omsorgsdepartementet - eksternt og internt: Mediekontakt, talar og innlegg, reiser og arrangement, sosiale medium, regjeringa.no og intranett. Eininga har også ansvar for krisekommunikasjon.

Om stillinga

Vi har to ledige stillingar som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Den som blir tilsett får ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet.

Du vil jobbe i skjeringsfeltet mellom fag og politikk, noko som krev god rolleforståing og interesse for samfunn og politiske prosessar. Vi ser både etter deg som har brei erfaring som kommunikasjonsrådgjevar og deg som har meir spissa kompetanse mot sosiale medium og visuell kommunikasjon.

Arbeidsoppgåver

  • Pressekontakt og medierådgiving – moglegheit for å inngå i pressevaktordning
  • Utvikle bodskap og skrive pressemeldingar, talar og innlegg i samarbeid med fagavdelingane
  • Lage innhald til sosiale medium og regjeringa.no (tekst, bilete og video)
  • Utarbeide presentasjonar
  • Førebu politisk leiing til intervju og debattar
  • Førebu og følge statsråden på arrangement og reiser 
  • Bidra ved andre aktuelle oppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Nødvendige kvalifikasjonar: 

Du

  • har relevant høgare utdanning. Særleg relevant arbeidserfaring kan i enkelte tilfelle vege opp mot kravet til utdanning.
  • har ein god penn
  • har god rolleforståing og forstår samspelet mellom politikk
  • ser kva situasjonar som eignar seg på bilde og film - og greier å fange dei

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Du bør ha erfaring som kommunikasjonsrådgjevar og/eller journalist.
  • Innsikt i offentleg forvaltning og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på.
  • Kløpparar på foto, video, digitale kanalar og powerpoint-presentasjonar vil ha ein fordel.

For stillinga som rådgjevar krev vi normalt minst 3 år relevant erfaring, for seniorrådgjevar normalt minst 6 år relevant erfaring, mens kandidatar som kjem rett frå utdanning vil vere aktuell for stilling som førstekonsulent.

Den som blir tilsett må kunne bli sikkerheitsklarert for nivå Hemmeleg.

Personlege egenskapar:

Du

  • er glad i å jobbe og har stor kapasitet
  • har gode analytiske evner
  • er ein omgjengeleg lagspelar som samarbeider godt med folk i alle funksjonar
  • er fleksibel og liker å ha det morosamt på jobben
  • har god vurderingsevne og er van med å handle raskt når det er nødvendig
  • arbeider godt og sjølvstendig og leverer under press
  • har interesse for departementet sine fagområde

Vi legg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.

Vi tilbyr

  • Fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar
  • Ein spennande jobb tett på politisk leiing og departementet sine fagavdelingar
  • Eit godt og støttande arbeidsmiljø med gode kollegaer som sit saman i landskap
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Lyse kontorlandskap midt i sentrum (Regjeringskvartalet)
  • Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

kr 540 000 - 850 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

Unntak fra offentlig søkerliste

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Kontaktpersonar

Susanne Moen Stephansen, kommunikasjonssjef, 480 32 792, susanne-moen.stephansen@hod.dep.no

Andreas Keus, underdirektør, 950 72 023, andreas.keus@hod.dep.no

Søk stillinga

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS