Stillingsannonse:
Framtida Junior søkjer journalist
Søknadsfrist: 16. juni
Framtida Junior lyser ut etter journalist i vikariat.
Framtida Junior søkjer etter ein idérik og kontaktskapande journalist i vikariat i eitt år.
Me tilbyr ein kjekk og utfordrande jobb i eit lærerikt miljø — der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på og der du får stor fridom til å setja ditt preg på Framtida Junior og utvikla avisa til å nå endå fleire barn.
Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.
Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, og er god til å formidla for born og unge. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.
Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar er òg positivt.
Stillinga er eit engasjement i 100 prosent stilling i eitt år.
Spørsmål om stillinga kan rettast til
Svein Olav B. Langåker, redaktør Framtida Junior, mobil 94875365 og
epost svein@framtida.no og klubbleiar Birgitte Bakken, mobil 452 79 435
Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein @ framtida.no — og skriv om du ønskjer å jobba ved Stord-kontoret eller Oslo-kontoret vårt.