Stillingsannonse:

Hordaland søker vaktsjef og multimedie-journalist

Søknadsfrist: Snarest

Hordaland

Dei siste åra har Hordaland hatt ein solid vekst digitalt og me jobbar heile tida med å ta i bruk nye måtar å formidla historier frå lokalmiljøet, slik nettserien Full Tank er eit døme på. I løpet av 2023 flyttar me til nye og moderne lokale midt i Voss sentrum.

I Hordaland har me no to faste stillingar ledige:

  • Vaktsjef 
    • Multimedia

Som vaktsjef er du arbeidsleiar på desken med ansvar for å prioritera saker og rettleia journalistane. Du lagar publiseringsplanar, fordeler saker og fylgjer nyhendebiletet tett. I tillegg har du ansvar for å laga innhald til kontoane våre i sosiale medium. Når du ikkje er vaktsjef jobbar du som journalist i redaksjonen.

Som multimediejournalist kan du laga innhald for alle plattformer, i form av både tekst, lyd og bilete. Du jobbar sjølvstendig med saker og formidlar dei gjerne på fleire måtar enn kun gjennom tekst og bilete. Samstundes er du trygg som skrivande journalist og er del av den faste turnusen i redaksjonen. 

Me søkjer deg som er:

  • utdanna journalist eller har annan relevant erfaring
  • likar å driva med idéutvikling og forstår kva som er ei god sak
  • trygg i nynorsk og verdset god språkbruk
  • uredd i møte med ny teknologi 

Me ynskjer at du:

  • har sterk motivasjon for å gje lesarane våre det beste innhaldet der dei brukar oss
  • har evne til å utvikla innhald som treffer nye målgrupper digitalt
  • brenn for journalistikk som opplyser, utviklar og underheld lokalsamfunnet
  • trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske avgjerder
  • har lyst til å utvikla deg sjølv og andre til det beste for avisa 

Begge stillingane inneber turnusarbeid og det er ein føresetnad at ein kan skriva eigne redaksjonelle saker for avisa.

I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet. Med kort veg til kjelder og saker skapar du innhald folk bryr seg om fordi det handlar om nærmiljøet deira. 

I Hordaland vil du få utfordra deg på journalistikk i alle sjangrar til ulike plattformer, og moglegheitene til å få utvikla deg er svært gode. Hjå oss har me fokus på at du skal få dyrka det du er god på og tileigna deg ny kunnskap i trygge rammer.

Me samarbeider med Amedia, publiserer på deira tekniske løysingar og har tilgang på deira redaksjonelle kompetansemiljø. Hjå oss får du ryddige arbeidstilhøve med gode personalordningar og eit stabilt og godt arbeidsmiljø.

Me har høge ambisjonar for innhaldet vårt framover, vil du bli med og utvikla oss vidare?

Informasjon om stillinga

Stillingstype: fast
Arbeidsstad: Voss
Søknadsfrist: snarast

Kontaktinformasjon

Ingvil Aaen Torpe, ansvarleg redaktør og dagleg leiar, 957 39 673
iat@avisa-hordaland.no 

Terje Hjartnes, nyhenderedaktør, 928 53 896thj@avisa-hordaland.no 

Ørjan Brattetveit, klubbleiar, 416 23 262obr@avisa-hordaland.no

Send søknad og CV:

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS