Stillingsannonse:
Dag og Tid søkjer lydjournalist
Søknadsfrist: 22. mai
Vil du forme ei lydavis for framtida?
Dag og Tid søkjer erfaren lydjournalist (prosjektstilling, 3 månader).
Dag og Tid styrkjer lydtilbodet sitt. Difor søkjer vi no etter ein erfaren lydjournalist til ei 100% prosjektstilling på tre månader. Du kjem til å vidareutvikle lydformatet vårt og bidra til å løfte både kvalitet og kvantitet i lydsatsinga.
Om stillinga
Vi har nyleg lansert ein ny Dag og Tid-app med integrerte lydartiklar og ønskjer no å ta neste steg på lyd. Målet er å utvikle eit lydtilbod som kjennest like gjennomarbeidd, roleg og kvalitetsorientert som avisa sjølv.
Du vil få stor fridom til å forme både format, arbeidsflyt og uttrykk. Dette er ei praktisk prosjektstilling der du både skal produsere, eksperimentere og hjelpe oss å finne ut korleis ei moderne lydavis kan fungere i praksis.
Arbeidsoppgåver
- Vidareutvikle opplesne artiklar og eigne lydformat
- Bidra til å forme tone, stemme og uttrykk i lyd
- Jobbe tett med redaksjonen om prioritering og produksjon
- Utforske nye arbeidsmåtar og verktøy innan lyd og KI (til redigeringsarbeid – aldri som røyst)
- Bidra til å utvikle rutinar og struktur for lydarbeidet vidare
Kven vi ser etter
- Du har mykje erfaring med journalistikk i podkast, radio eller andre lydformat
- Du har godt øyre for forteljing, rytme og stemning
- Du jobbar sjølvstendig og effektivt
- Du har god kunnskap i nynorsk
- Du er nysgjerrig på korleis teknologi og KI kan brukast i lydjournalistikk
Vi tilbyr
- Ei spennande prosjektstilling med stor fridom og mykje påverknad
- Konkurransedyktige vilkår
- Høve til å forme lydsatsinga i ei uavhengig kvalitetsavis
- Eit lite miljø med høge ambisjonar og kort veg frå idé til gjennomføring
- Arbeidsplass sentralt i Oslo, med fleksibilitet for fjernarbeid
Spørsmål om stillingen
Gregor Falkner, marknadssjef og prosjektleiar for digitalisering, 90 02 82 57
Interessert?
Nylige artikler
Redaksjonen betalte da Dagbladet-profilene fikk hårtransplantasjon
KI er journalistenes Viagra
Nektes pressestøtte på grunn av adressen: – Veldig merkelig
Aller Media kjøper 30 prosent av Subjekt
NRKs Fredrik Tombra forlenger oppholdet i Ukraina
Mest leste artikler
Debatten-seertall: Slått av Solvang
Siktet finansmann forteller: Slik fikk han tilgang til upubliserte DN-artikler
NRK: «Tung og legitim grunn» til oppsigelse av ansatt
Skuffende god oppførsel fra avisene som stjal Tore Strømøy fra Tyholttårnet
Tore Strømøy-podkast felt i PFU