Stillingsannonse:

Synste Møre søker redaktør

Søknadsfrist: 15. januar

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Synste Møre

Synste Møre er inne i sin 54. årgang som lokalavis for Vanylven kommune. Vi har 4 årsverk og har kontor på Fiskå. Avisa kjem ut ein gong i veka på papir, kvar dag på nett. Opplaget er 1963. Avisa er politisk ubunden, vert redigert på nynorsk og er medlem i Landslaget for lokalaviser. Avisa er eigd av 10 privatpersonar med tilknytning til Vanylven.

Vår noverande redaktør/dagleg leiar sluttar i jobben 1. april 2024. Vi søkjer derfor etter hans etterfølgjar.

Redaktøren vil få det redaksjonelle hovudansvaret for innhald og utforming av avisa Synste Møre, både på nett og papir. Målsettinga er å vidareutvikle Synste Møre på ein god måte for lesarane i dekningsområdet. Det er utarbeidt eigen stillingsinstruks. Vi viser elles til redaktørplakaten når det gjeld andre rettar og plikter for redaktøren.

Det er ønskjeleg at den som vert tilsett også får rolla som dagleg leiar, og dermed det økonomiske og administrative ansvaret i verksemda.

Vi ønskjer at den som vert tilsett har:

  • Journalistisk erfaring, gjerne frå arbeid i lokalavis
  • Ein stødig og god nynorsk penn
  • God kunnskap og erfaring med IT, herunder nettpublisering og Adobe-programvare
  • Evne til å ta gode val og er trygg på presseetikk
  • Teft for nyheiter og dei gode lokale sakene
  • Samfunnsengasjement og interesse for lokalsamfunnet
  • Leiarerfaring
  • Administrativ erfaring og evne til god økonomistyring
  • Lokalkunnskap, og bør bu, eller busette seg i Vanylven
  • Stor arbeidskapasitet og evne til samarbeid
  • Eigen bil

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø i ein liten, men kompetent og erfaren redaksjon. Løn og andre vilkår etter avtale.

Vi vil gjerne ha ein skriftleg søknad innan 15.01.2024 til Synste Møre, Boks 53, 6139 Fiskå, eller på e-post til bo@sivolda.no

Kontaktperson

Bjørnar Osnes, styreleiar, 913 69 330, bo@sivolda.no

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS