Stillingsannonse:

Sunnhordland treng fleire journalistar

Søknadsfrist: Snarest

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Sunnhordland

Mediehuset Sunnhordland har ein sterk posisjon i ein spanande region. Me har hatt ei positiv utvikling dei siste åra, med solid auke av lesarar og abonnentar. Me held til på Stord, og har lokaler i Leirvik sentrum.
Les meir om oss her

Vil du vera med på å gjera Sunnhordland til ei betre avis? 

Me har ledig ei fast stilling og eit årsvikariat, og treng deg som:

  • Er nysgjerrig, idérik og flink til å skriva og fotografera.
  • Elskar å finna saker som engasjerer, trivst med høgt tempo, er glad i å snakka med folk og likar å rykka ut på alle slags oppdrag.
  • Er uredd i møte med ny teknologi og ivrar for at journalistikk skal nå ut til så mange som mogeleg.

Me legg vekt på erfaring, utdanning og stå på-vilje. Hos oss får du ansvar frå dag éin, og spanande og utfordrande oppgåver som du kan voksa på. Har du frontsjef-erfaring eller frontsjef-ambisjonar er det noko me kan snakka nærmare om. Du blir ein del av, og er forventa å bidra aktivt til, eit ambisiøst, raust og fagleg sterkt arbeidsmiljø.

Begge stillingane inneber turnusarbeid. Å ha førarkort er absolutt ein fordel.

Kontaktpersoner

Marit Holm, ansvarleg redaktør, 951 53 605,  marit@sunnhordland.no

Kjetil Østrem, klubbleiar, 982 42 022

Legg ved søknad og CV.

Søk på stillingen

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS