Stillingsannonse:
Sunnhordland søkjer fast journalist
Søknadsfrist: 24. april
Har du lyst til å jobba i ei avis som verkeleg betyr noko for folk?
Sunnhordland er den leiande lokalavisa på Stord og Fitjar – me er nummer éin i regionen, og «alle» les oss.Når det skjer noko, kjem folk til oss for å få vita kva som skjer.
Me har plass til ein ny journalist i redaksjonen vår i Leirvik sentrum. Du får jobba i eit ungt, fagleg sterkt og sosialt miljø der me heiar på kvarandre – og der det alltid er rom for å utvikla seg vidare. Hos oss er du med på å laga både raske nyheiter og grundig, undersøkande journalistikk. Her kan du setja dagsorden, og jobben du gjer betyr mykje for mange.
Me ser etter deg som:
- har erfaring frå journalistisk arbeid
- er nysgjerrig, sjølvstendig.
- jobbar raskt og presseetisk trygt
- har førarkort klasse B
Stillinga går inn i turnus med kveld og helg.
Kontaktpersoner:
Vidar Hope, ansvarlig redaktør, 982 42 030, vidar@sunnhordland.no
Kjetil Østrem, klubbleiar, 982 42 022, kjetil@sunnhordland.no
Nylige artikler
Eier vil gjøre Ren Mat til reklame
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon