Stillingsannonse:
Sunnhordland søkjer fast journalist og sommarvikarar
Søknadsfrist: 16. januar
Har du lyst til å jobba i ei avis som verkeleg betyr noko for folk?
Sunnhordland er den leiande lokalavisa på Stord og Fitjar – me er nummer éin i regionen, og «alle» les oss.
Når det skjer noko, kjem folk til oss for å få vita kva som skjer.
Me har plass til ein ny journalist i redaksjonen vår i Leirvik sentrum. Du får jobba i eit ungt, fagleg sterkt og sosialt miljø der me heiar på kvarandre – og der det alltid er rom for å utvikla seg vidare. Hos oss er du med på å laga både raske nyheiter og grundig, undersøkande journalistikk. Her kan du setja dagsorden, og jobben du gjer betyr mykje for mange.
Me ser etter deg som:
– har erfaring frå journalistisk arbeid
– er nysgjerrig, sjølvstendig og god på nynorsk
– jobbar raskt og presseetisk trygt– har førarkort klasse B
Stillinga går inn i turnus med kveld og helg.
Søknadsfrist: 16.01.2026
Sunnhordland søker også etter sommarvikarar:
Sommaren i Sunnhordland er alltid innhaldsrik. Me ser etter deg som er klar for nokre veker med svært varierte journalistike utfordringar i den vakraste regionen i landet.
Kontaktpersoner:
Vidar Hope, ansvarlig redaktør, tlf: 982 42 030, epost: vidar@sunnhordland.no
Kjetil Østrem, klubbleiar, tlf: 982 42 022, epost: kjetil@sunnhordland.no
Nylige artikler
Presseetikken kan komme i konflikt med domstolens begrensninger i Høiby-saken
Ett år med Trump 2.0: Et frontalangrep på frie medier
Eier bare 7,5 prosent av Demo: – Ingen hemmelighet
17 kjappe
Frykt selger bedre enn fakta
Mest leste artikler
Høiby-saken: Skal vitne om «hendelse på Subjekt»
Eier bare 7,5 prosent av Demo: – Ingen hemmelighet
Ut mot Aftenposten: – Harde anklager
Redaktørens retrett kan gjøre etterfølgeren svett
Kritiske til Polaris-sjefens nye styreverv: – Koblingene er problematiske