Stillingsannonse:

Suldalsposten søker journalist

Søknadsfrist: 10. januar

Denne artikkelen er over to år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Suldalsposten

Suldalsposten er ei lokalavis i Ryfylke. Den kom ut første gang i 1976. Dekningsområdet for avisa er primært Suldal kommune. Redaksjonen held til i kommunesenteret Sand. Avisa kjem ut ein dag i veka, og har eit opplag på ca. 2.400.

Avisa har 6 årsverk.

Er du samfunnsengasjert, glad i nyheiter og ordskifte, og likar du å formidla i ord og bilde? Då kan du vera den me leitar etter.

Me treng ein ny journalist på laget i Suldalsposten og har ledig stilling i 100 prosent frå snarast. Du tenkjer kanskje at du må vera utdanna journalist for å jobba i ein redaksjon? Det stemmer ikkje.

Me kan bruka deg som er vaken, som gjenkjenner ei nyheit når du ser den, som får det til med folk og som likar å ha det litt travelt på jobb. Du må kunna skriva på nynorsk, og du må lika digitale flater.

Førarkort er nødvendig, og jobben inneber noko jobbing på kveld og helg.

Tenkjer du nå at du ikkje leverer på alt dette? Tenk som mannfolk og søk likevel.

Me kan tilby den rette ein fantastisk og variert jobb, der ingen dag er lik, i eit lokalsamfunn der folk har eit sterkt og nært forhold til avisa si.

Kontaktperson

Esther Moe, redaktør, 970 51 122, esther@suldalsposten.no

Søk på stillingen her

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Powered by Labrador CMS