Stillingsannonse:

Storfjordnytt søker journalist

Søknadsfrist: 20. mai

Storfjord Bladlag AS

gir ut lokalavisa Storfjordnytt. Dekningsområdet er Fjord kommune og delar av Stranda kommune. Det er tre tilsette i avisa — og redaksjonen ligg i Valldal.

Har du eit kreativt hovud eller ein formidlar i magen? Vi søkjer ny journalist.

Vil du ha verdas viktigaste og artigaste jobb? Vil du arbeide med å halde lokalsamfunnet saman og demokratiet gåande? Likar du å bli kjent med folk? Lokalavisa Storfjordnytt står framføre ei stor omstilling i tida som kjem — journalisten vår skal ut i mammaperm til sommaren og annonsemedarbeidaren/journalisten vår har bestemt seg for å gå av med pensjon til hausten. Vi treng derfor å setje saman eit nytt team!

Storfjordnytt er ein liten, men oppegåande reaksjon der det er stor takhøgde og rom for idéar som kan gjere produktet Storfjordnytt endå betre.

Vi tilbyr

  • ein triveleg, artig og meiningsfylt jobb
  • høve til å variert arbeidskvardag
  • stor fridom til å utvikle eigne ferdigheiter og oppgåver
  • kontakt med både vanlege folk og andre
  • ei rolle i å oppretthalde og utvikle lokalavisa og lokalsamfunnet
  • høve til å arbeide i noko av det vakraste verda har å by på av natur
  • trivelege folk.

Journalist i Storfjordnytt — eitt års vikariat

Lurer du på om journalistikken er noko for deg? Då kan eit vikariat vere ein måte å teste ut yrket på.

Vi ser føre oss at du er:

  • nysgjerrig
  • likar å skrive og ta bilete
  • interessert i menneske
  • samfunnsinteressert
  • god til å lytte og stille oppfølgjande spørsmål
  • evnar å finne dei gode sakene både sjølv og i lag med oss andre i redaksjonen
  • har førarkort og disponerer bil

Om du kan hake av på eitt eller fleire av punkta, kan det hende du er den rette for oss. I Storfjordnytt er vi ikkje så veldig opptekne av formell bakgrunn, vi er mest opptekne av å finne "den rette", den som evnar å gjere jobben til "sin", som er kreativ og allsidig og som kan bli supergod til å produsere innhald til avisa, både digitalt og på papir. Men om du har erfaring frå bransjen, er jo det eit pluss. Dette er ingen "ni til fire"-jobb, du må rekne med å måtte jobbe enkelte kveldar, i tillegg til å inngå i helgeturnusen vår.

Om oss

Vi er opptekne av å setje saman eit godt lag og leiter derfor etter utfyllande kompetanse hos dei som søkjer.

  • Vi i Storfjordnytt synest vi har verdas beste jobb, og det er opp til oss sjølve om det skal halde fram slik. Dermed vil du som søkjer på ein eller begge av stillingane i stor grad ha høve til å forme jobben din sjølv.
  • Målforma i Storfjordnytt er nynorsk.
  • Redaksjonen ligg i Valldal i Fjord kommune.
  • Vi nyttar programvaren til Adobe i arbeidet med avisa, så det er ein fordel om du har kjennskap til InDesign, Photoshop/Lightroom og Illustrator. Viss ikkje, er det slikt som fint går an å lære seg.

Søknadsprosessen

Send oss CV og eit kort søknadsbrev (maks to A4-sider) der du svarar på

  • kva du gjer til dagleg
  • kva erfaring eller kompetanse du ser føre deg at du kan bidra med inn i avisa
  • kva motivasjonen din er for å søkje og kvifor vi skal velje deg
  • kva som er det første du tenkjer på når du høyrer ordet lokalavis

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju og må også rekne med å bli testa i relevante oppgåver.

Kontaktperson

Britt Ingunn Maurstad, redaktør og dagleg leiar, 95493011, britt@storfjordnytt.no

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS