Stillingsannonse:
Sogn Avis søker journalist
Søknadsfrist: 1. august
Vil du lage journalistikk som betyr noko for folk?
Sogn Avis skal vere først på det som skjer, tett på sogningane, og tydeleg på det som betyr noko for regionen.
No søkjer me ein uredd, idérik og allsidig journalist i fast stilling. Me ser etter deg som vil ut av kontoret, og inn i lokalsamfunnet for å fortelje historiene som rører, opplyser, avslører og engasjerer.
Som journalist i Sogn Avis får du fridom til å lage journalistikk som blir lest og lagd merke til. Me gir deg stor tillit og mykje ansvar. Du får rykkje ut og kjenne på nyheitspulsen når noko skjer, men også tid til å jobba konsentrert med eigne saker over tid. Du blir del av ein redaksjon på 14 årsverk som kjenner dei ulike lokalsamfunna i Sogn godt, som utfyller kvarandre fagleg og som trivst i lag.
Me har hovedkontor i Sogndal og lokalkontor i Årdal.
Me trur at journalistikken blir betre av at medarbeidarane våre har ulik bakgrunn, erfaring og perspektiv. Difor driv me ikkje med ultimative og ufråvikelege krav til kompetanse.
Men me trur du kjenner deg att i mykje av dette:
Du har journalistisk arbeidserfaring eller utdanning.
Du er samfunnsengasjert og forstår oppdraget til ei sterk lokalavis.
Du har lyst til å forstå Sogn, sogningane, bygdene og sakene som formar denne delen av landet.
Du er opptatt av språk og skriv klart, presist og levande nynorsk.
Du er trygg på, eller ønskjer å bli tryggare på, foto og video.
Du elskar moglegheitene den digitale og teknologiske utviklinga gjev journalistikken.
Du har arbeidsmoral og stoltheit, og tar ting frå ide og heilt i mål.
Du er ikkje redd for å snakka med folk – også når saka er vanskeleg.
Du har førarkort klasse B.
Løn etter tariff/avtale. Du må rekne med turnus, kveld og helgevakt.
Send oss ein søknad der du fortel kven du er, kvifor du vil jobba i Sogn Avis – og kva slags journalistikk du har lyst til å laga hjå oss.
Legg gjerne ved CV og lenker til saker eller innhald du har laga før.
Har du spørsmål?
Da kan du kontakte:
Eli Grotle, nyheitsredaktør og konst. ansvarleg redaktør: 91336692, eli@sognavis.no
Cato Husabø Fossen, påtroppande sjefredaktør og dagleg leiar: 94373293, catohf@gmail.com
Wenche Schanke Eikum, klubbleiar: 97164907, wenche@sognavis.no
Nylige artikler
Mediene må også granske krigene de overser
Vil straffe eiere som blander seg – redaktørtopp er skeptisk
Kan lisensavtaler med KI-selskapene bli den viktigste inntektskilden for mediene?
Britt Sofie Hestvik går av som toppsjef i Kommunal Rapport
Nå forventer NR at Hans Rustad gjør faktiske endringer
Mest leste artikler
Kjempet i tre år: Sikret nær 200.000 kroner til hver kollega
NRK-korrespondent Philip Lote forteller om sykdom
Historisk KI-avtale gir norske journalister flere tusen på konto før jul
Det er ikke personlig. Det er bare journalistikk
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt