Stillingsannonse:

Setesdølen søkjer journalist / sommervikar
Søknadsfrist: 18. april
Vil du bli sommarvikar og jobbe som journalist i eit av Noregs mest varierte og særmerkte bygdesamfunn? Likar du å fotografere, og å skrive om både smått og stort?
Setesdal er eit variert og spennande dekningsområdet med mykje natur, kultur, og mange festivalar og mykje friluftsliv. Frå fjellvidder på Hovden med hyttebygging og eit pulserande reiseliv, til badestrender langs Byglandsfjorden, og yrande bygdebyliv i regionsenteret på Evje, er det eit breitt spekter av samfunnslivet me dekkar.
For oss er det utruleg spennande å følgje utviklinga i Setesdal tett og vere først ute med nyheiter som også vekker regional og av og til nasjonal merksemd.
Vi ønsker nå å sette saman eit nytt, offensivt og framovelent lag, og søker difor etter ein sommarvikar i 100 % stilling, med moglegheit for forlenging.
Dette kan vi tilby:
- Ein spennande og variert arbeidskvardag, der du vil påverke og sette ditt preg på produktet vi serverer lesarane våre.
- Stor fridom under ansvar.
- Du vil bli ein del av ein redaksjon med stor takhøgde.
- Du vil få arbeide med alle stoffområde i eit lokalsamfunn med stor variasjon og spennande utvikling.
- Du blir ein del av eit stort og spennande kompetansemiljø gjennom Polaris Media Sør.
- Har du av og til behov for heimekontor, legg vi sjølvsagt til rette for det.
Dette ventar vi av deg:
- Bakgrunn frå journalistikk er ein fordel, men ikkje eitt krav
- At du har gode digitale ferdigheiter og forståing av sosiale medier.
- At du må ha stor sans for foto og glede av å formidle og finne dei gode historiene
- At du er effektiv og også presterer godt under press.
- At du er ein lagspelar og blir trigga av å skape gode resultat i samarbeid med kollegaer.
- Du må ha førarkort og disponere eigen bil.
Setesdølen held til i Bygland, men kan vere opne for at sommervikaren kan arbeide frå andre stader i Setesdal.
Lurer du på noko?
Då må du gjerne ta kontakt for ein prat.
Søknadsfrist er satt til 18. april. Me vurderer søknadene løpande for tilsetting.
Vår ambisjon er å bidra til ein mangfaldig samfunnsdebatt og ønsker at vår arbeidsstyrke skal reflektere samfunnet vi lever i. Vi ønsker å tiltrekke oss medarbeidarar med ulik fagkompetanse, erfaring, personlege eigenskapar, funksjonsevne og kulturell bakgrunn. Vi fokuserer på kvalifikasjonskrava og er opptatt av ditt engasjement for stillinga.»
Spørsmål om stillingen
Olav Åsen Haugsgjerd, ansvarlig redaktør, 90 98 27 94