Stillingsannonse:

Rådgjevar, kommunikasjon og næring

Søknadsfrist: 13. november

Klepp kommune

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700 tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

 

Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Me utvidar staben og søkjer no ein engasjert rådgjevar innan kommnunikasjon og næring. Du vil få ei sentral rolle i å synleggjera tenestene til kommunen, og ha ein viktig rolle som støttespelar for næringslivet i Klepp.

50% av stillinga vil gå til kommunikasjonsoppgåver. Her vil du få høvet til å vera ein aktiv bidragsyter til kommunen sin kommunikasjon med innbyggjarar, og internt i kommunen. Me treng deg som har evne til raskt å fatta hovudpoeng og uttrykkja desse på ein folkeleg måte, og ditt arbeid vil vera sentralt for at me når ut til alle målgruppene våre - frå innbyggjarar til medarbeidarar.

I Klepp har me eit variert næringsliv, du vil vera bindeleddet mellom næringslivet og kommunen. Du vil få ansvaret med å følgje opp kommunen sin næringsstrategi, og skapa gode treffpunkt mellom kommune og næringsliv.

Me tilbyr varierte arbeidsoppgåver og du vil jobbe tett med både politisk og administrativ leiing. Me ser etter ein person som er kreativ, løysingsorientert og har evne til å arbeide sjølvstendig. Du må lika å byggje nettverk, vere utadvendt og ha gode samarbeidsevner.

Stillinga er plassert under kommunikasjonssjef, og avdelinga er satt saman av kommunikasjon, innbyggjarservice og politisk sekretariat.

Arbeidsoppgåver

Me treng deg som kan:

  • vera ein støttespelar for næringslivet i Klepp
  • skrive godt
  • handtere mediehenvendelsar og vere rådgjevar for organisasjonen innanfor kommunikasjon og næring
  • skrive talar for ordførar, utføre bedriftsbesøk med politisk og administrativ ledelse
  • skrive søknadar
  • bidra under ulike arrangement
  • ivareta kommunens grafiske profil

Andre oppgåver kan tilfalle stillinga i samråd med leiar.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innanfor kommunikasjon eller tilsvarande
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • God forståing for politiske prosessar og samfunnsspørsmål
  • Erfaring frå kommunikasjonsarbeid
  • Førarkort kl. B
  • Gjerne grafisk kompetanse
  • Relevant erfaring frå offentleg sektor vert vektlagt
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Attestar og vitnemålMe ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utanlandske attestar omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk. Me gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke òg kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er utadvent og tar initiativ
  • er interessert i lokalt næringsliv
  • er ein god nettverksbyggjar
  • ønskjer å yte god service til både næringsliv, innbyggjarar, politikarar og tilsette i kommunen

Vi tilbyr

  • Ein allsidig arbeidsplass med gode kollegaer.
  • Varierte arbeidsdager og oppgåver.
  • Gode moglegheitar til å påverke eigen arbeidskvardag og eigne arbeidsoppgåver.
  • Du får fleksitid og lønn etter gjeldande tariff og lokal lønnspolitikk.
  • Som kommunalt tilsett får du gode pensjons- og forsikringsordningar og andre personalgoder.

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar og reglar.

Spørsmål om stillingen

Ragnhild Nordahl Næss, leder kommunikasjon, 91 71 02 38

Søk på stillingen her

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden under på en side der du vil vise denne artikkelen.

Lukk

Powered by Labrador CMS